Finne fram til Lerum Cup- arenaene

Når man er ute på tur, og gjerne i områder man ikkje er så kjent, så kan det til tider vere vanskeleg å finne fram dit man skal. Arrangørane av Lerum Cup har løyst dette problemet. Det vil bli satt ut vegvisere langs vegen til dei ulike arenaene med Lerum Cup sin logo på slik at det skal vere ganske så lett å finne fram.

Desse vegvisarane vil vere lett synleg når du nærmar deg ein arena, og viser deg vegen fram.

Køyrer du etter gps, så kan du finne koordinatane til arenaene på sida «arrangører» på våre nettsider. Der finn du også alle arenaene merka av i kart med vegbeskrivelse som kan studerast før du legg ut på turen, eler under turen for den del. Men ikkje studer kart medan du køyrer bil;  Vi vil gjerne ha deg trygt fram til oss.

 

Velkomen til Lerum Cup

Sponsorar