Året for dei mange rekordane

Lerum Cup 2018 er historie, og inntrykka vi sit igjen med er mange. Slik er det kvart år. Makan til nivå på skytinga som vi har sett i år, har vi aldri tidlegare sett i Lerum Cup sin historie. I tillegg er stemninga rundt om på arenaene like magisk kvart einaste år. Det er alt frå trøstande klapp på skuldra når nokon ikkje heilt har fått det til slik dei ville, til jubel, handshake og gratulasjoner for godt gjennomført skyting anten det vart eit toppresultat eller ein ny milepel var nådd. Stor takk til alle som er med sine håpefulle rundt. Om de ikkje deltar aktivt sjølve, så er de likevel ein viktig del av denne skyttarfesten.

Det vart lagt ned utallige dugnadstimar, og uten at dei frivillige stiller opp så kunne ikkje Lerum Cup vorte slik. Spesiellt fortjener kjøkenpersonalet honnør. Det luktar deilig nybakt kvar gong man kjem inn på skyttarhuset. Det blir baka både bollar og kaker av ymse slag, og dei ferske varene går unna i kafeteriaen. Slik er det i allefall på Loi skytebane, og eg reknar med det er tilsvarande rundt om på dei andre banene også.

Vi gjekk ut før årets stevne med spørsmål om kven som kom til å bli den første senioren med 350 poeng på eit av våre stevner. Og når det først skulle skje, så kven andre enn Kim Andrè Lund. På Leikanger banka han inn 350 poeng med 22 innertiarar. Men før han kom dit så hadde han allerede satt banerekord på Loi skytebane med 349 poeng og 24 innertiarar. Den banerekorden myste han berre snaut eit døgn seinare då Tor Harald Lund leverte 349 med 25 innertiarar på samme bane. Han var også nære ved å mysse rekorden på Leikanger, då Daniel Sørli også leverte 350 poeng, men med litt ferre innertiarar.

Og som om det ikkje var nok banerekordar, så fekk vi også rekord i Sogndal der Peter Sørli skaut 349 med 24 innertiarar. Samanlagt vart det også sett rekorder.  Nemnde Kim Andrè og Daniel pressa kvarandre gjennom heile cupen, og det skilde til slutt berre fattige 5 innertiarar i Kim Andrè sin favør. Begge med rekordpoengsummen 1738. Berre 12 avgitte poeng på fem stemne er rett og slett imponerande. Kim Andrè Lund sikra seg med dette sin andre aksje i Gullpotten vår, og kan altså sikre seg NOK 6000,- neste år om han skulle vinne då også.

Elles må vi nemne junioren Bjørnar Rasmussen Aurdal frå Sykkylven som berre avga 4 poeng på sine fem stemner. 1746 poeng og 137 innertiarar på 175 skudd står det respekt av.

Skyteforholda var veldig bra stort sett heile helga, men det vart nok litt utfordrande med vinden torsdag føremiddag. Men likevel, Svein Hoem frå Stryn, V65, skaut 350 poeng med 27 innertiarar midt i dei verste vindkulene på Loi Skytebane denne torsdagen. ”Ingen problem å skyta” meinte han. ”Var berre å bruke ammunisjon med litt hardare ladning” smilte han etter skytinga.

Teknisk har det fungert meget bra. Hafslo fekk problem med elektronikken på 200 meter torsdag kveld, og måtte avbryte skytinga. Dei la ned ein imponerande jobb om kvelden og heile natta for å utbedra feilen slik at anlegget var klart til skyting igjen fredag morgon. Dei som ikkje fekk skyta torsdagen tok det med godt humør, og fekk tilbod om å komme tilbake på eit seinare tidspunkt. Noko resultatlistene syner at dei fleste nytta seg av. Så stor honnør både til arrangørar og skyttarar som takla dette på ein utmerket måte.

Til slutt må vi berre ta med ei historie frå Loi Skytebane. Der kom det to damer frå Strandvik som skulle delta i klasse Ny Voksen. I påmeldinga kunne dei fortelje at dei ikkje heilt visste kva dei skulle gjere, fordi geværet til den eine dama låg igjen heime. Men det problemet løyste Knipenborg Skytterlag på strak arm. Dama fekk låne seg eit gevær av skytterlaget, slik at ho fekk gjennomføre skytinga både hjå Knipenborg og hjå Farnes. Etter å ha vore hjå Farnes kom dama smilande tilbake og leverte geværet, og takka hjarteleg for lånet. Til det kan vi sei at gleda er på vår side. Det er alltid viktig for oss å yte god service, og det er klart vi hjelper våre tilreisande gjester der vi kan.

Når det gjeld samanlagtlistene, og premieringa der, jobbes det nå med å rette opp feil og mangler. Det er skyttarar i feil klasse, det kan vere feil på skytterid, og andre ting som spelar inn. I tillegg må det sjekkes at det er rett vinnar i dei ulike kategoriane. Vi ser til dømes at resultatlista for plassiffer på 200 meter gir eit feil inntrykk. Det må nemleg vere 5 deltakarar i klassen på alle stemner for å få eit gyldig plassiffer. Vårt elles så glimrande resultatsystem skil ikkje på det, slik vi må litt ned på den lista for å finne den rette vinnaren. Men det har vi kontroll på.

Arbeidsutvalet skal ha eit evalueringsmøte 31.Mai, og til den tid skal vi ha alt klart. Det vil bli oppretta eit eige stevne i DFS sitt system der alle fellespremieringane vert lagt inn, og utbetalt til skytterlaga som på eit vanleg stemne. Dei vanlege pengepremiane for kvart enkelt stemne skal vere klart rimeleg fort, om et ikkje alt er klart.

Datoane for neste år er ikkje bestemt enda, vi må sjå litt på kalenderen og kva som er planlagt av aktiviteter, men vi reknar med at etter møtet 31.Mai så kan vi presentere datoane for Lerum Cup 2019.

Vi takker for i år, og ynskjer alle velkomne tilbake neste år.

Sponsorar