Innbydelsen er klar

Vi ønsker alle hjarteleg velkomne til Lerum Cup 2019!

Vår tidlegare omtalte Gullpott, nå omdøypt til SUPER JACKPOTT rullar vidare. Denne fungerer altså slik at arrangørane setter av NOK 2000,- kvart einaste år, slik at Jackpotten aukar for kvart år. Vinnaren av Lerum Cup samanlagt, klasse 3-5, får ein aksje i Jackpotten, og må vinnast tre gonger for å løysast ut.

Nå er det tredje året Super Jackpotten går, og Kim Andre Lund frå Jondalen står med to aksjar, og kan altså stikke av med NOK 6000,- hvis han vinner også i år. Så kven kan utfordre Kim Andre Lund ?

Ein liten kuriositet er at den forirge skyttaren som vant Lerum Cup tre gonger, var også frå Jondalen skyttarlag, nemleg Trond Bergan. Jondalen skyttarlag for øvrig enda ein skyttar som har vunnet Lerum Cup, så Jondalen har til dei grader dominert Lerum Cup.  Men det er mange skyttarar som har imponert, og det er ofte små marginar som skiller, til tross for at det er fem stemner som tel med i cupen. Så det krever sin skyttar for å nå opp her.

Uansett er Lerum Cup eit arrangement som famnar breidden, og det er mange fine premiar å konkurrere om også for dei som er lenger nede på lista. Og framfor alt er det opplevingane vi skapar saman, som skal vera den gjevaste premien. Og den vinn alle!

Vi har hatt utfordingar med få Lerum Produkta ut til dei rette vinnarane. Dette håpar me no å ha løyst, ved at Lerum nå har kome opp med ei bedre form for emballering som kan sendast med post. Så når stevnet er over, resultatlistene er offisielle, og vinnarane klare, så vil vår hovedsponsor Lerum få ei adresseliste slik at dei kan sende produkta til rett vinnar.

Til slutt ein praktisk opplysning; Vi veit det er mange som kjem med store bubilar og bilar med campingvogn. For desse er vegen opp til Mjøen skytebane hjå Farnes ei utfordring. Her er det mulig å avtale med Farnes Skyttarlag, så vert det organisert parkering nede og transport til og frå skytebana. Så då er det ingen unnskyldning for å stå over her.

Er det noko man ellers lurer på, så ta gjerne kontakt med oss.
post@lerumcup.no, eller paamelding@lerumcup.no

Vi ser fram til eit nytt fantastisk eventyr, og gledar oss til det som skal skje i Mai.

Sponsorar