Påsken er her

Påmeldingane til årets skyttarfest strøymer inn, og vi er nå rundt 700 påmeldte. Det er kjempebra, men det er plass til fleire.

Det er fleire som har kontakta oss, og fått hjelp til å finne løysingar for å få kabalen til å gå opp. Vi helper gjerne fleire, men nå går vi inn ei tid der vi blir mindre tilgjengeleg. Det er Påskeferie, og det er tid for avkopling, kanskje ein skitur eller to, og kanskje til og med hyttekos.

Men det er ei god stund igjen til påmeldingsfristen er ute, så det er enda tid til å finne ut korleis man skal få med seg vårens vakraste skyte-eventyr. Kanskje kan man bruke det som ei av årets påskenøtter.

Her er i allefall ei oppdatert skjematisk oversikt over status pr. 15/4 klokka 13:30.

OVERSIKT PÅMELDING

Då ønsker vi alle ei riktig god Påske

Sponsorar