Onsdag 12. Februar hadde vi kick-off møte for Lerum Cup 2020. Arrangørar i år, som tidlegare, vil vera Farnes, Knipenborg, Sogndal. Hafslo, og Leikanger Skyttarlag.
Arrangementsperioden vil vere som tidlegare annonsert torsdag 7. til Søndag 10. Mai. Arrangørane vil skyte stemnene på nordsida av Sognefjorden søndag 3.Mai, og på sørsida av Sognefjorden Måndag 4.Mai. Desse dagane vil det vere begrensa plassar til andre som ynskjer å skyta.
Vi vil som tidlegare år yte den ekstraservicen det er å ha førehåndspåmelding av grupper via mail. Det vil skje i perioden frå 31.Mars til og med 3.April. Deretter vil det vere vanleg påmelding via web frå 10.April. Påmeldingsperioden på nett vil vare fram til 1. Mai.
Førehåndspåmelding via mail skal skje på vårt skjema. Påmelding på andre format risikerer å ikkje bli behandla då det vanskeleggjer jobben vår. For rutiner for påmelding viser vi til våre påmeldingssider på vår nettside. Link til påmelding Der vil de også finne riktig skjema som kan lastes ned og fylles ut.
Alle henvendelser og spørsmål om påmelding skal gå til vår påmeldingsadresse paamelding@lerumcup.no. Dette fordi at då vil ein og samme person, vår påmeldingskoordinator, kunne behandle alle slike henvendelser. Alle henvendelser vil få tilbakemelding.
Spørsmål om andre ting kan sendes til post@lerumcup.no, og rette vedkomande vil då kunne gje tilbakemelding. Gjeld det spørsmål om overnatting så kan man også henvende seg direkte til ein av våre samarbeidspartnere i reiselivet. Du vil finne linker til desse på våre nettsider. Link til reiseliv.
Vår premieplakat er uendra. Vi har diskutert litt rundt det fenomenet at 5.klassen er forholdsvis mykje større enn breiddeklassane. Vi er svært glade for at toppskyttarane kjem til oss, det må dei sjølvsagt fortsette med, men vi vil også gjerne at Lerum Cup skal vere for breiddeskyttarane. Så vi tek gjerne imot innspel som kan føre til at Lerum Cup kan favne betre om breidden i DFS.
Vi vil gjerne at Lerum Cup skal vere ei oppleving meir enn berre skyting. Det skal vere triveleg på skytebanene våre, det skal vere sosial hygge, det skal vere vakker natur, og det skal vere opplevingar utenom det vanlege. Så er det nokon som har spesielle opplevingar eller historiar knytta til Lerum Cup, så del det gjerne med oss. Gjerne i både tekst og bilde.
Gullpotten vår vokser vidare. Det er nå fjerde året den går, og vi legg nye 2000 kroner i potten slik at den nå er på NOK 8000,-. Kim Andre Lund frå Jondalen har to napp, medan fjorårets vinnar Tor Harald Lund har eitt napp. Så får vi sjå kven som tar nappet i år, eller om Kim Andre klarar å løyse ut potten.