Påmeldingstalla kryper oppover, og det nærmer seg påmeldingsrekord. Det er fint at dei som er påmeldt men som ser at dei ikkje kjem, melder seg av slik at plassen blir ledig for andre. Det begynner å bli vanskeleg å finne ei løype rundt på alle fem stevnene, men det er mulig enda. Ein må berre planlegge å bruke litt fleire dagar i vakre Sogn.
Her er nok av rekreasjon å finne på. Frå Flåmsbana i Flåm, Stegastein, Utladalen med sine fossefall og Vettisfossen som sjølve Kongen av fossefall i Norge, det er Lustrabadet i Gaupne, Jostedalsbreen, og vi har museum av ymse slag. På Kaupanger har vi De Heiberske Samlinger, ei samling av gamle hus og gamalt håndtverk. Og på Leikanger har vi Villmarka, eit villmarksmuseum med mellom anna ustilling av utstoppa ville dyr. Alt vel verdt eit besøk.
Vi har brukbar oversikt over påmeldingane, og kan vere i stand til å hjelpe med å finne ledige plasser og løysinger hvis dei som slit berre tek kontakt med oss. Då er det, som vi har skrevet før, enten direkte til arrangør eller via epost til post@lerumcup.no. Så skal vi gjere det vi kan.