Arbeidsgruppa for Lerum Cup hadde nytt Teamsmøte tysdag 16. Februar. Det er framaleis usikkert om det let seg gjera å arrangera lerum Cup i Mai med omsyn til smittevernreglar. Men vi ser lysning i horisonten, og håper den kjem fort nok til at det blir Lerum Cup. Difor held vi fram med planlegginga som om det blir stevner.
Vi har bestemt oss for at vi i 2021 skal prøve med 6 arrangører, ettersom vi i år har tilgang på ei langhelg 13. til 16 Mai. Denne helga innkluderer Himmelspretten torsdag 13. Mai. Men med 6 arrangører må vi gjere nokre tilpassninger i arrangementet. For det første så ynskjer vi at 5 av 6 stevner skal telja samanlagt. Det gjere det vanskeleg å finne ein rettferdig måte å løyse premiekategoriane Jamnast resultat og Beste Plassiffer, fordi det er kronglete å få til ein teknisk løysing på det. Så difor vel vi å ta ut desse premiekategoriane i år, og erstatte dei med uttrekkspremiar til tilfeldige deltakarar som har delteke på alle 6 stevnene. Då beheld vi breiddeprofilen på arrangementet, og vi har fleire ekstra gulrøtter til dei som deltek på alle stevnene. Men på samanlagtresultata klassevis stryk vi dårlegaste resultatet. Så får vi evaliuere etter stevnene korleis dette har fungert.
Vi hadde også ein diskusjon som gjaldt påmelding. Dette er ein stor og krevande jobb, og med den usikkerheten som rår så prøver vi å unngå å gjere denne jobben to gonger, i tilfelle utsetting. Difor vel vi å vente til perioden 6. til 8 April med å ha påmelding via epost. Skytterstyret i DFS har terminsfesta nytt styremøte rett før Påske, og då rekk også vi å avvikle eit nytt møte for dei siste oppdateringane før vi set i gang. Så då blir det forhåpentlegvis påmelding veka etter Påske.
Vi følgjer utviklinga tett framover, og kjem med oppdateringer om det er noko nytt å melde.