Etter fire hektiske dagar framfor datamaskina, så er førehåndspåmeldinga via e-post no over. Det var som vanleg nokre etternølarar som kom i siste liten, så me måtte strekke oss litt.
Farnes Skytterlag hadde ein feil i systemet sitt, som gjorde at dei måtte starte på nytt, slik at dei heng litt etter. Men alt er i orden og skytetidene vil komme etter kvart som dei får lagt ut.
Det som er utfordringen nå, er når folk begynner å melde seg av, eller flytte på seg, og andre skyttere kjem inn på ledig plass. Så for at vi skal beholde kontrollen på smittevernreglane når påmeldinga åpnes fritt, vil arrangørane nå reservere ein del skiver slik at vi har nok romslegheit på standplassane til å kunne overholde 1metersregelen der den må overholdes. Vi har gjennom førehåndspåmeldinga prøvd å skille mellom kretsane, men det er eit utfordrande arbeid når samme påmeldingslista innheld skyttarar frå både to og tre kretsar. men eg trur vi har klart det ganske så bra. Men sjå gjerne på kven du melder deg på sammen med, når du nå melder deg på, så kan også du hjelpe oss med å overholde reglane.
Det vi kan sjå av påmeldingane så langt, er at laurdag 14.August er vorte nokså full, for det er mange som ynskjer å skyte tre stevner den dagen. Mange har også ønskt å avslutte i Aurland på søndag, noko som gjere at der også er mykje fullt. Ein del har vi dessverre måtte snu litt på, for å få kabalen i hop, men slik er det. Men forhåpentlegvis har alle fått skytetider som er ok.
Men det er fortsatt gode muligheter for dei som nå venter på at påmeldinga åpner på web. Spesiellt hvis ein kan bruke torsdag og fredag. Eventuellt så bruk fleire dagar, og bruk gjerne laurdag til å utforske Sogn, og alt vi har å by på her. Vi har lenker til mange nettportaler man kan bruke for å finne interessante mål, KLIKK HER Man kan finne på ganske mykje anna enn berre skyting her hjå oss. Vi har badeanlegg både i Gaupne og i Årdal, vi har Flåmsdalen og Flåm Zipline, og vi har eit hav av fjell med den vidunderlegaste utsikt. Eller kva med eit fjordcruise med gamle ærverdige M/B Tya. Her er uante muligheter.
E-posten til påmelding blir nå berre lest sporadisk, men det er fullt mulig å kontakte oss på den andre adressa post@lerumcup.no, eller via chatten å¨FB. Då vil du nå alle arrangørane. Gje oss gjerne ein melding hvis du slit med å få kabalen til å gå opp, kanskje kan vi hjelpe deg med å finne løysing. Nå kan det jo og hende at vi får ytterlegare lettelser i smittevernreglane, og då kan vi kanskje også åpne opp litt meir. Men det får vi berre følgje med på, og sjå korleis utviklingen blir.