Påmeldinga skrider fram, og plassane fylles opp. Vi er nå rundt 550 påmeldte skyttarar. Men vi vil gjerne at fleire tek turen til vakre Sogn i Mai. Det er mykje ledige plassar, og vi er også beredt på å gjere tiltak om det er vanskeleg å finne ledige plassar som passer alle steder. Det er berre å ta kontakt med oss, så skal vi sjå kva vi kan gjere.
For å lette jobben med å finne passande skytetider har vi eit rekneark som gir god oversikt. Det reknearket har ei fane for kvar arrangør, kvite ruter er ledige plassar, og den finner du HER.
Vi veit at det naturlegvis er mange som reiser med campingvogner og bubilar når dei kjem til oss. Og det kan vere kronglete både å komme fram, og finne parkering til slike store køyretøy. Så ikkje ta med campingvogna til skytebana, men sett den igjen på ein egna plass. Har du bubil så skal det gå greitt dei fleste plassar, men det kan vere at det også kan vere problem. I allefall opp til Farnes, og også opp på bana til Sogndal. Då oppmoder vi om å ta kontakt med arrangøren i god tid, så kan det avtalast transport til og frå bana, frå parkering lenger unna. Då slepp de å køyre med bubilen på trange, smale, og bratte vegar.
Så er vi galde for å kunne innformere om ein ny giver til premieplakaten. Våpenloftet a/s i Førde gir oss eit gavekort. Våpenloftet er ein sportsbutikk i Førde, som også driv med skyterekvisita og jakt. Butikken ligger midt i Førde Sentrum, og er absolutt verdt eit besøk, for eksempel under 1.Runde i Norgescupen md Førde Skytterlag som ein av arrangørane.