Vi ynskjer at Lerum Cup skal vere ein arena for sosialisering og hygge. I tillegg til å skape god stemning på skytebanene våre, så ynskjer vi og å bygge eit, eller fleire, tilbud utafor skytebana. Lerum Cup kan, og skal, vere meir enn berre skyting.
Lerum Cup skal vere ein stad der skytterlaga skal kunne ta med seg ungdomsgruppene sine, og då ynskjer vi at det også skal vere tilbud utenom skytinga. Det vil gje opphaldet i Sogn meir innhald, og man kan oppleve meir.
Sogn har veldig mykje forskjellig å by på, og vi i Lerum Cup vil prøve å inngå eit samarbeid med noko av det. På denne sida kan du finne informasjon om, og linker til det vi prøver å få til.
Først ut er Bulder & Brak som vil tilby kajakk-kurs og guida kajakkturer. Informasjon om aktivitetane til Bulder & Brak kan du finne HER
Meir om opplegget vil vi komme tilbake til. Sjå heller ikkje vekk i frå at det kan komme fleire tilbud.
Kvam Guiding og Service er neste ut. Nesten det samme, men i heilt andre omgjevnader. Kvam guiding og Service held til på Hafslo, og kan tilby meir enn berre kajakk. Dei kan tilby mellom anna RIB-tur på Veitastrondsvatnet, utleige av sykkel, og til og med fiske og breturar. Informasjon om Kvam Guiding og Service kan du finne HER