I 2023 blir Lerum Cup arrangert i ei langhelg med helgetorsdag og gjennom heile helga. Det ynskjer vi å utnytte til å skape gode opplevingar også utafor skytebana. Vi ynskjer at Lerum Cup skal vere ein stad for heile familien, og ein stad for heile skyttarlaget. Då må vi tilby meir enn berre skyting.
Sogn har eit rikt tilbud av aktivitetar og sjåverdigheiter, og noko av det ynskjer vi at skyttarane skal kunne nytte seg av desse dagane i Sogn slik at opphaldet i Sogn blir ei oppleving utenom det vanlege. Difor vil vi i Lerum Cup freiste å inneie eit samarbeid med noko av det Sogn har å by på.
Kajakkpadling:
Vi har allereie annonsert Bulder og Brak som vil stille med kajakk-kurs og guida turar i kajakk, enten på Sognefjorden eller på Årdalsvatnet.
Flåm Zipline: I Flåm, frå toppen av Flåmsdalen ved Vatnahalsen finn vi Flåm Zipline. Her kan du fly 1381 meter heimover Flåmsdalen, det er Nordens lengste zipline. Det kan oppnås ein hastighet på 100 km/t, og det er ein høgdeskilnad på 305 meter. Tar du Flåmsbana opp, så kan du låne deg sykkel til turen ned dalen igjen etter å landa trygt ved endestasjonen. Ei naturoppleving vi garanterer du ikkje finn nokon annan stad.
Freesbee Golf: For dei som ikkje liker så luftige sprang kan Freesbee Golf på Kaupanger vere eit alternativ. Der er det anlagt bane for freesbee golf, der du får låne freesbeer og det som skal til for ei triveleg og utfordrande stund.
Vite Meir: Eit fantastisk bygg som er kome på Kaupanger med massevis av vitenskap og utfordringer. Her er også matservering for dei som ynskjer å ta middagen her. Eller ein pizza.
Paintball: Det er muligheit for paintball-leik både i Luster og i Lærdal. Her kan man spele mot kvarandre i lag, og ha mykje moro.
Lustrabadet: For dei som ynskjer eit bad i fine omgjevnader så ligg Lustrabadet i Gaupne. Her er det gjennomført ein stor renovering denne våren, så her er gode fasilitetar.
Musem: Det er eit rikt tilbud på ulike museum i Sogn. Bildet viser ein Mercedes 170H, og den kan du sjå i Bjarne Lerums Bilmuseum. Bjarne Lerum var ein av grunderane bak vår hovudsponsor Lerum, og hadde ein stor lidenskap og kjærlighet for bilar. Og spesiellt Mercedes. Han samla mange flotte bilar og etablerte eit eige museum. Her står alle bilane hans, og det er også andre merker enn Mercedes, mellom anna Rolls Royce.
Ellers har vi Sogn Fjordmuseum for dei som er meir interessert i sjø og båt, vi har De Heiberske Samlingar med over 30 gamle hus og bygninger, vi har Sogn Kunstsenter i Lærdal, vi har Villmarksmuseum på Leikanger, vi har Norsk Bremuseum i Fjærland og Breheimsenteret i Jostedal.
RIB-turar: For dei som ynskjer ein luftig tur på Sognefjorden så finnes det mulighet for ein RIB-tur både i Flåm, og i Skjolden.
Dette er berre noko av det man kan oppleve i Sogn. Og her er ein natur av dei skjeldne, så for dei som ynskjer ein fottur i fantastiske omgjevnader så er det mange muligheter.
Som sagt vil vi prøve å innleie eit samarbeid med noko av dette, og bake det inn i Lerum Cup opplevinga. Akkurat kva vi landar har vi ikkje klart endå, men det kjem vi tilbake med så fort vi har noko å melde. Men skyttarane kan jo begynne å drodle på kva dei kan tenkje seg å oppleve, så kanskje vi kan lande akkurat den opplevinga.
Vi har på våre sider lenker til ein del av det reiselivet i Sogn byr på. Dei kan de finne, og utforske, HER
Vi yskjer alle ein god sommar, og kanskje sjåast vi i Bodø.
Og hugs; TREFF BLINKEN!