Arbeidsgruppa har hatt sitt første møte i 2023, og jobber no fram mot det som skal bli vårens vakraste skyttarfest. I år har vi fått arrangementet på ei lang helg, 18.-21. Mai, som er helga med himmelspretten. Det gjere at vi har mulighet til skape den perfekte skyttarfest.
Vi ynskjer at skyttarane skal ta med seg familiane og bruke helga i Sogn, og bruke anledningen til å ta med seg ein del av dei opplevingane Sogn kan by på, for det er ein heil del. Vi vil difor jobbe for å kunne profilere noko av det som er her på ein bedre måte gjennom våre kanalar, slik at det som er av aktiviteter blir meir synlege.
Vi ynskjer at Lerum Cup skal ha ein tydeleg breiddeprofil, og vere ein stad der breidden skal trivast, samtidig som vi ynskjer at toppskyttarane også skal legge turen innom oss, og sette farge på våre arrangement med skyting i toppklassen. Difor har vi ein premieplakat som når ut i breidden, samtidig som vi har Jackpotten vår som gulrot for toppskyttarane.
I år vil jackpotten vere på 12 000,- kroner ettersom den nå vil ha gått i 6 år. Den einaste som har to aksjer i den, og som såleis er den einaste som kan løyse den ut i år, er som ifjor, er Kim Andre Aanestad Lund.
Jeannette Hegg Duestad, som også har ein aksje i potten, har rekorden samanlagt, då ho i 2020 presterte 1742 poeng på fem stevner. Daniel Sørli, som vant i 2021, oppnådde 1741 poeng på dei fem beste stevnene sine. Han fekk altså stryke det dårlegaste resultatet. Slik vil det vere i år også; Det er dei fem beste resultata, av seks, som tel på samanlagt, og det svakste resultatet strykes.
Så får vi sjå til våren om Kim Andre tek turen, om han lukkast, eller om det er andre som sikrer seg ein aksje i potten som veks med 2000,- kroner kvart år.
Det er berre å følgje med , det vil kome nyheter frå oss fortløpande. utover vinteren og våren. Nettsidene våre vil også oppdateres.