Vi er snart klare til å ta imot førehåndspåmelding til årets begivenhet. Vi reknar med hektiske dagar frå tysdag 28. til torsdag 30. Mars.
Som vanleg kjem vi med nokre viktige påminningar.
Vi anbefaler å bruke vårt påmeldingsskjema når det meldes på. Dette vil gjere jobben vår mykje lettare. Kjem påmeldinga i andre format, så risikerer man at påmeldinga ikkje blir behandla.
Påmeldingsskjema og utfyllande innformasjon om påmedng finn dykk HER
Sørg for at skjemaet er riktig utfyllt med riktig skytterid og riktig klasse/standplass. Alle vil få skytetider på dei standplassane dei er påmeldt. Er det til dømes ein Eldre Junior påmeldt på 200 meter, så vil vedkomande verte påmeldt i klasse 4, og få skytetid på 200 meter. Så ver nøye på dette, slik at det blir riktig første gang.
Skjemaet skal som vanleg sendast til vår påmeldingsadresse paamelding@lerumcup.no. Der vil vår påmeldingskoordinator ta imot alle påmeldinger, og fordele skytetider til alle stevnene. Ynskte skytetider er kun rettningsgjevande, men vi skal oppfylle ynskjer så langt det er går, men ein kan ikkje pårekne at alle ysnkjer vert innfridd. Om det er skyttarar med spesielle behov, skyttarar som skyt med samme våpen, eller liknande, så skriv det på skjemaet så skal vi ta hensyn til det.
Alle vil motta eit automatisk svar på at påmeldinga er mottatt, og ferdigbehandla påmeldingslister blir sendt vidare til arrangørane puljevis, og er det opp til den enkelte arrangør å ta unna bunken. Det kan difor variere kor fort påmeldinga vert lagt inn på stevnene.
Så minner vi også om at vi har desse 8 billettane til konserten med Gunslingers, verdi NOK 500,-, som vi vil trekke ut blant alle førehåndspåmeldte skyttarar 18 år, og eldre. Informasjon om vinnarar, og vidare prosess kjem når trekninga er foretatt, og vinnarane blir tilskrivne.
Vi ynskjer alle velkomne til vårens vakraste eventyr, og ser fram til å motta påmeldingslister frå dykk alle. Her skal det vere rom for alle, uavhengig av ambisjonsnivå. Vi gjere alt for at alle skyttarar, med reisefølgje, får eit triveleg opphald i Sogn. Bruk gjerne våre nettisider til å finne informasjon om både aktiviteter, innkvartering, ferjeruter, eller avstander mellom dei ulike arenane. Her finner du alle dei verktøya du treng for å planlegge ei fin langhelg i Sogn