Vi har sklidd inn i vårmånaden Mai, og Lerum Cup 2023 nærmar seg med stormsteg. Påmeldingstalla sklir sakte oppover og vi nærmar oss sakte målet om å passere 700 påmeldte. Det er ikkje så veldig langt igjen, og vi kan endå klare det. Det er rikeleg med ledige plasser, og vi er gjerne behjelpeleg med å finne løysingar om det er nødvendig.
Nokre praktiske oppysningar kring arrangementa:
Det er fullt mulig å møte opp og skyta på ledige plassar. Vi nyttar venteliste for skyttarar som ynskjer dette, og difor har vi satt ein tidsfrist for oppmøte for dei som er påmeldt. 20 minutt før oppsatt skytetid, risikerer man å mysse plassen sin om man ikkje er møtt fram, eller har gitt lyd frå seg om at man blir litt sein, hvis det står skyttarar og venter på ledig plass. Slik at kommunikasjon med arrangørane vil vere viktig om ein skulle oppleve uforutsette ting, og få litt tidsnød til å rekke fram. Då tar man opp telefonen, og ringer til den aktuelle arrangøren så løyser dei fleste problemer seg. Står du på venteliste, så må du passe på å holde kontakt med stevnekontoret i tilfelle ledig plass skulle dukke opp.
For dei som ikkje har vore på Lerum Cup tidlegare, og ikkje er kjent i området, så treng du ikkje vere bekymra for ikkje å finne fram. Det vil vere godt skilta med vegvisarar med Lerum Cup logoen på, så alle vil på enkelt vis finne fram.
For dei som nyttar tekniske hjelpemiddel som GPS, så kan man finne både kart, GPS-koordinater, og vegvising til banene på denne sida
Det som kan vere ein utfordring hvis man kjem med campingvogn, eller stor bubil, er å komme fram til nokre av banene. Campingvogna tar du ikkje med deg til skytebana, det vil skape unødvendige problemer og kaos på parkeringsplassane.
Men kjem du med stor bubil, så er det absolutt ikkje anbefalt å prøve og komme seg opp til Mjøen skytebane hjå Farnes. Der er det bratt, og smalt. Det kan og vere problematisk å komme seg heilt fram til Sogndal og Aurland sine skytebaner, hvis det er stor trafikk og mange bilar som skal ut og inn.
Her må man planlegge litt før man skal til skytebana. Ta opp telefonen og ring til den aktuelle arrangøren, så finn de løysingar saman med dei. Det er mulig å kunne parkere litt lenger unna, og bli frakta til og frå skytebanene. Men gjer det i god tid, gjerne dagen før de skal skyta, slik at arrangøren får tid til å organisere transporten.
Ellers ber vi om at alle følgjer dei henvisninger dei får frå arrangørane når det gjeld parkering. Det må ikkje parkerast slik at man sperrer tilkomsten til, og frå, arenaene, og det må ikkje parkerast slik at nokon blir sperra inne. Det er bra med parkeringsplasser ved arenaene, så det skulle ikkje vere nødvendig. Vi treng tilkomsten fram til arenaene hvis det er skyttarar som har spesielle behov for å køyre nærmare fram til skytebana, eller det skulle bli behov for utrykkningskøyretøy. Det siste håpar vi sjølvsagt at vi ikkje får behov for.
Det vi vere full kafeteriadrift på alle skytebaner, med publikumsvisning av skiver og resultatservice. Der kan man kjøpe seg både mat og drikke. Alle skal bli møtt av hyggeleg vertskap, og det skal vere triveleg å vere på Lerum Cup. Vi ynskjer at alle skal få gode opplevingar hjå oss, og vi gjere det vi kan for at alt skal bli bra. Men uhell kan skje sjølv den beste, både skyttar og arrangør, så vi må bere over med kvarandre.
Vi har nokre få, men klare køyrereglar å forholde oss til. Dei kan du finne HER
Hugs spesiellt på det med sikkerhet. Bruk kammerflagg, eller ta ut sluttstykket, og ikkje start med lading før det blir kommandert for det. Då vil det både opplevast, og vere, trygt for alle.
Alle er hjarteleg velkomne til Lerum Cup, og vi håper alle får eit triveleg opphald hjå oss.