Ludvig Indrebø har funne godformen til Lerum Cup. Han tapte rett nok eit poeng hjå Knipenborg og enda der på 349, med 26 innertreff, men på sin eigen heimebane på Mjøen var han tilbake på topp. Der skaut han 350, med 29 innertiarar. Så Ludvig er på veg mot eit resultat heilt i toppen avklasse V73.
Ellers har Tia Øy Vigdal, som skyt junior, også ho Farnes Skytterlag, åpna Lerum Cup veldig bra. 347, 346, og 346 poeng på dei tre stevnene ho har gjennomført så langt.
I klasse Eldre Junior har Sigve Vikesland to stemner på 345 poeng, og ei litt svakare på Hafslo, men han kan altså stryke eit resultat, og med klaff på ei siste stevnene så kan det bli bra til slutt. Kine Haugeplass, også ho frå Aurland, åpna med 347 poeng hjå Knipenborg, men på Mjøen skjedde det eit eller anna i 10-skudden slik at ho ikkje fekk ut alle skudda. Vi får håpe ho får orden på utstyret slik at ho kan fullføre dei gjenståande stevnene. Då kan ho og bli å rekne med.
Ellers kan vi nevne at Willy Sverkmo, Namdalseid og Lyngen, som skyt V65, nå står med 2 x 350 og 2 x 349 på dei stevnene han har gjennomført, så det kan og bli ei topplassering til slutt.
I dag går turen vidare til Sogndal og Leikanger som skal åpne sine arrangement i årets Lerum Cup. Då får vi sjå om det dukker opp nokre gode resultat også der. Og nå er også resultatweben vår oppe og går, men de vil legge merke til at det mangler framleis resultata frå 200 meter på Hafslo, dei hadde som kjent eit problem med nettverket til 200 meter, men det reknar vi med er i orden når dei starter opp igjen på torsdag.