Vi hadde oppsummeringsmøte måndag kveld, litt utsatt på grunn av at fleire av arrangørane har vore opptekne med å arrangere Landsdelskretsstevne, og andre jobber med Vestlandsstevnet. Men nå er det klart.
Det vart altså Daniel Sørli som vant årets Lerum Cup i klasse 3-5. Det betyr at han sikra seg sitt andre napp i Jackpotten, og det er dermed to skyttarar som kan løyse ut potten neste år. Då vil potten vere på NOK 14 000,-.
Vi hadde ein del gåvkort som vi lova å trekke ut blant deltakarar som deltok på alle 6 stevnene. Og dei heldige vinnarane vart som følgjer:
Gåvekort Norma verdi NOK 1500,- : Petter Ulviksbakken, Tønjum Skytterlag
Gåvekort Dagfinrud verdi NOK 1500,-: Øystein de Lumeau, Vartdal Skytterlag
Gåvekrot Landrø verdi NOK 1500,-: Ronja Traa Ditmatsen, Hardanger Skytterlag
Gåvekort Dagfinrud verdi 1000,-: May Elin Frøyland, Lyndal Skytterlag
Gåvekort Dagfinrud verdi 1000,-: Gaute Eliassen Hamre, Leikanger Skytterlag
Gåvekort Skytterlinken verdi 1500,-: Rune Vikøren, Farnes Skytterlag
Gåvekort Våpenloftet verdi 500,-: Paula Hagen, Ringebu og Fåvang Skytterlag
Gåvekort Våpenloftet verdi 500,-: Bjarne Sandvik, Knipenborg Skytterlag
Gåvekort Våpenoftet verdi 500,-: Even Andre Mjellem, Hyen Skytterlag
Gåvekort DFS, verdi 1500,-: Even Andre Bentsen, Ådal Skytterlag
Vi gratulerer alle vinnarar. Gåvekorta blir tilsendt i posten.
For vinnarar av pengepremiar så vil det som vanleg bli oppretta eit premiestevne i Mitt DFS, og premiane blir betalt ut som vanleg pengepremie via DFS.
Heile premieplakaten finn du her
Vi gratulerer alle vinnarar, ynskjer alle ein god sommar, kanskje vi sjåast på Voss.