Det er nå avklara at det blir 5 stevner i årets Lerum Cup. Sogndal har bestemt seg for at dei må stå over dette året. Det har seg slik at det er konfirmasjon i Sogndal og Kaupanger akkurat den helga som Lerum Cup er lagt til, og mange av Sogndal sine nøkkelpersonar er indisponible for arrangementet. Sogndal skyttarlag ynskjer ikkje å laga eit halvveges opplegg, dei vil gjerne gjere det skikkeleg når dei arrangerer, så difor har dei altså valgt å stå over i år. Men dei kjem nok tilbake neste år.
Så då blir det Farnes, Knipenborg, og Aurland på sørsida av Sognefjorden, og Hafslo og Leikanger på nordsida som blir arenaene i år. Men det blir Lerum Cup etter samme opplegg som tidlegare, så alle er velkomne til Sogn i Mai.
Jackpotten vår rullar vidare, i år vil det ligge 14 000 kroner i potten om den skulle bli løyst ut. Det er to skyttarar som kan klare det; Kim Andrè Lund og Daniel Sørli, men vi reknar med at det er andre som melder seg på og vil gje dei kamp.
Vidare ynskjer vi å premiere dei laga som satser på ungdom, og vil sette opp ein premie til det laget som kjem med den største ungdomsgruppa. Endeleg utforming er ikkje klar, men det er berre for laga å begynne jobbe med å engasjere og få med ungdomane sine.
Åpningstidene på arenaene vil vere omlag det samme som ifjor, men det er viktig at dei tilreisande bruker våre kanalar og tek kontakt med oss om dei har ynskjer og behov, enten det gjeld skytetider eller andre ting, slik at vi kan prøve å bidra og legge tilrette så langt vi berre strekk til. Det er saman vi skaper det beste produktet, og dei beste opplevingane for alle.
Vi avslutter med å minne om at tidsrom for påmeldoing av grupper vi epost blir 3. til 6. April. Altså veka etter Påske.