

Då er vi i gang med planlegginga av Lerum Cup 2027, og arbeidsgruppa har vore saman for dei første drøftingane. Det er lite som er klarlagt på dette tidspunktet, anna enn tidspunktet som blir langhelga 6. til 9. Mai. Dette er, som vi har sagt fleire gonger, helga med Kristi Himmelfartsdag. Det vil gje oss eit romslegare arrangement enn det som har vore dei siste åra der vi har arrangert på ei vanleg helg.
Det som folk kan ha i tankane, er at vi får ei utfordring med arbeidet som skal settast i gang i Lærdalstunellen. Dette arbeidet vil starte 16.November d.å, og då vil det bli eit stengeregime der tunellen vil vera stengt på nattetid frå 18.00 til 06:00. I allefall frå søndag til fredag. Så er vi usikre på korleis det vil slå ut med helgetorsdag den veka. Dette veit nok ikkje Statens Vegvesen heller på dette tidspunktet, så vi lyt avvente og sjå korleis dette blir når arbeidet i gang.
Det vi veit er at vi må klare å planlegge rundt dette slik at vi får gjennomført skytinga på ein fungerande og smertefri måte. Vi skal ha eit møte til før jul, og då veit vi forhåpentlegvis litt meir. Uansett skal vi informere godt rundt dette, fordi dette kan påvirke måten vi kjem til å sette opp arrangementet vårt på, slik at skyttarane kan komme seg til Aurland for å skyte, og også kan kome seg tilbake til andre sida av fjellet. Det skal vi få til.
Ellers vil det bli førehåndspåmelding for grupper via e-post som tidlegare, men detaljane rundt dette , og øvrige detaljar, kjem vi tilbake til seinare.