Arbeidsgruppa hadde kickoff-møte for Lerum Cup 2017. Nokre endringar vert det også i år. Det er mellom anna kome inn nye klassar, noko som gjere at premietabellen vår må tilpassast. I samband med det planlegg vi ei ny «gulrot» på toppen av premielista.
Førehåndspåmelding via mail kjem vi til å holde fram med. Vi ser at det er enkelte som vil komme vanskeleg ut med det, men vi meiner det er ein nødvendig ekstraservice vi må gjere for å hjelpe flest mulig deltakarar med å få logistikken til å gå opp, og samtidig klare å utnytte banekapasiteten vår best mulig. Men vi kjem til å utarbeide eit skjema som vi kjem til å kreve blir brukt i samband med påmeldinga på mail. Dette er for å lette vårt arbeid ved at vi får påmeldingane i eit standard format som gjere det lett å håndtere.
Meir informasjon om årets Lerum Cup kjem etter kvart.