(Oppdatert 26/4) Etter at påmeldinga åpna på web , så har aktiviteten vore høg på nettet og stemnene våre har fyllt seg opp. Vi har nå runda 870 påmelde, og det er ganske fantastisk. Men enda er det plass til fleire, sjølv om det no er vanskeleg å finne reiseruter som passer.
På 200 meter bør det kunne gå greitt enda, men kapasiteten på 100 meter er snart sprengt. Der lønner det seg å kunne komme for å skyte torsdag og fredag.
Vår påmeldingskoordinator har jobba seg gjennom alle stemnene og oppdatert seg på situasjonen. Fila under viser korleis det ser ut onsdag 26/4 klokka 13:00. Dette vil heilt sikkert forandre seg etter kvart som skyttere melder seg på, eller av. Men det kan likevel vere ei hjelp til dei som sit og prøver å få kabalen sin til å gå opp.
Det er også fortsatt mulig å ta kontakt med oss, for å høyre kva muligheter som finnes, og kva vi kan gjere for å hjelpe. Vi har enda nokre ess i ermet, så det er ikkje sikkert det er heilt håplaust.
Til slutt må vi presisere at det er viktig at dei som er påmeldt og ser at dei ikkje kan delta, melder seg av slik at plassane vert frigjorde til andre som vil komme og skyte.