Det er ikkje uvanleg at toppskyttarane i Norge legg turen til Lerum Cup, og bruker denne helga til opplading og formspissing til 1. runde i Frende Cupen. (Norgescupen). Og 2019 er ikkje noko unnatak i så måte.
Vi har gått gjennom påmeldingslistene for alle fem stevnene, og laga ein oversiktleg tabell for når toppskyttarane skyt på dei ulike arenaene. Vi må understreke at det er veldig mange gode skyttarar som kjem, og vi har berre valgt oss ut eit knippe skyttarar som har kjente navn, og som tradisjonellt leverer gode resultat under Lerum Cup.
Kim Andrè Lund, som har vunnet Lerum Cup dei to siste åra, stiller opp også i år. Han har jo vunnet to aksjar i Gullpotten vår, og det blir spennande å sjå om nokon kan slå han i år, eller om Kim Andrè tar med seg potten som nå er oppe i 6000 kroner tilbake til Jondalen. Skulle det bli ein annen vinnar, så går potten vidare, og det vil ligge 8000 i den til neste år.
Men tilbake til tabellen med skytetider. Den er satt opp kronologisk etter skytetidene nedover, og det heile startar i første laget på fredag, då skyttarar som Halvor Trane Svendsen og den tidlegare skyttarkongen Arild Brodahl entrer standplassen klokka 12:20 hjå Knipenborg. Og dramaet er truleg ikkje over, før skyttarar som Lise Margrethe Rinde, Andreas Seilen, og Elisabeth Skudalsnes er ferdige på Leikanger på søndag ettermiddag.
Inn i mellom dette er det mange andre gode skyttarar som skal skyta, og vi vil få mange gode resultater på 100 meter som på 200 meter. Og alt kan opplevast skot for skot live på våre resultatsider, eller man kan avlegge eit besøk på ei av skytebanene nær deg for å oppleve stemninga og spenninga heilt på nært hold. Der vil man også finne cafèteria med noko godt både i kopp og på talerkenen. Kanskje til og med heilt ferskt bakverk.
Velkomne er de både med, og uten, børse.
Her er skjemaet med skytetidene for dei utvalgte favorittane.