Arbeidsgruppa har hatt sitt oppsummeringsmøte.

Arbeidsgruppa til Lerum cup var samla for å oppsummere, og evaluere årets Lerum Cup. I det store og heile er gruppa godt nøgde med gjennomføringa av årets arrangement.

Vi er godt nøgde med deltakartalet sjølv om vi ser ein liten nedgang frå året før. Noko av årsaka er nok det kalde vèret, og snøforholda på austsida av fjella, som gjorde at ein del ikkje kom seg avgårde. Men vi legg likevel spesiellt merke til at klasse 5 er større åleine, enn klasse 3 og 4 til saman. Det er eit noko merkeleg fenomen.

Som vanleg så skal vi premiere to tilfeldig uttrekte vinnarar, ein på 100 meter og ein på 200 meter. Og i år var dette Gunnbjørg Ågotnes, Sartor frå klasse V73, og Anders Walde Mikkelson, klasse 5 frå Stord.  Dei får då gåve frå høvesvis Landrø og Skytterlinken. Heile møtet var her vitne til trekkinga.

Møte var opptekne av tilbakemeldingar frå våre deltakarar, både positive og negative. Det er det som gjere oss betre, så det er vi svært mottakelege for.

Til sist, kanskje det som opptek dei fleste mest; Tidspunkt for Lerum Cup 2020. Vi ønska oss helga 21. til 24. Mai, som er himmelsprett-helga, men den helga er det satt opp første runde i Frende Cup.  Difor vil vår helg bli på samme tid som i år, og datoane blir 7. til 10. Mai.  Så får vi håpe at vèret er litt meir på lag med oss neste år, slik at ikkje fjellovergangane på nytt skaper problemer.

Då vil arbeidsruppa takke alle som tok turen til oss i 2019, og vi øsnker alle hjarteleg velkomne tilbake neste år.

Her er fullstendig oversikt over fellespremiering for 2019

Fellespremiering Lerum Cup 2019

 

Sponsorar