Vi er klare for ny skyttarfest

Oppgradert kulenedslag på Loi Skytebane.

Det er kun ei god veke igjen før dei første skudda i årets Lerum Cup smell avgårde. Søndag 5.mai innleiar arragørane sin eigen skyting, samt at vi også denne dagen får besøk av nokre få tilresande.

Over 700 skyttarar er påmelde også i år, og vi gledar oss stort til å ta imot skyttarfamilien på nytt. Gjennom påmeldingstida har vi fått mange henvendelsar, alle har vore hyggelege og forståelsesfulle, og vi har klart å hjelpe alle til eit brukbart opplegg.

Det blir lagt ned mykje godt arbeid for å få arenaene klare. Drygt 400 dugnadstimar er planlagt under kvart enkelt stevne, i tillegg til alt arbeidet som legges ned i forkant av arrangementet. Så ein stad mellom 3000 og 3500 dugnadstimer legges ned for å få Lerum Cup arrangert. Det er med andre ord eit stort løft for å lage eit godt produkt.

Vi gjer alt vi kan for at Lerum Cup skal opplevast på beste måte for alle dei som kjem til oss. Det skal vere god cafèteria på alle arenaer med hyggelege prisar, det skal vera live-visning av skiver og topp resultatservice på skjermar og nett, og det skal vere hyggelege vertar som tek imot kor hen man kjem.

STANDPLASSLEIING:

Også sjølve skytinga skal opplevast likt på alle fem stevner. Difor vart det i fjor innført lik prosedyre for alle fem stevner; Det blir brukt samme praksis for standplasskommando som for til dømes Frende Cup, der skyttarane får rimeleg tid til klargjering før seriane. Standplassleiar spør: «Er det nokon som ikkje er klar ?». Ved svar «JA», blir det kommandert: «Ja er sagt, ildkommando starter om 20 sekund». Til gjengjeld skal skytetida alltid gå heilt ut, sjølv om alle skyttarane er ferdige med sin serie.

AVBRUTT SKYTING:

Hvis ein arrangør skulle måtte avbryte skytinga av ein eller annan grunn, og skytinga ikkje kan takast opp igjen innen rimeleg tid. Så er det også felles ordning for korleis dette skal håndterast. Då vil resultata i den påbegynte skytinga i det aktuelle stevnet bli strøket, og skyttarane får refundert heile innskotet sitt. Dei vil og få tilbod om å komme tilbake å skyte på nytt innafor stevnetida. Skulle man derimot ønske at resultatet vert ståande, for eksempel ein god 15 skot, slik at man kan ta del i den premieringa vi har, så vil ikkje innskotet bli refundert, og ein får heller ikkje tilbod om å skyte om.

VENTELISTE:

Det blir praktisert venteliste for dei som ynskjer å skyte på ledig plass, men dei som setter seg på venteliste må sjølve passe på å ta kontakt med stevnekontoret for å undersøke om det dukker opp ledige plasser. Påmeldte skyttarar må møte seinast 15 minutt før oppsatt skytetid, ellers risikerer dei at plassen går til andre som har satt seg på venteliste.

STEVNETELEFON:

Alle arrangørar skal ha stevnetelefon som kan nyttast for å få kontakt med arrangørane om det skulle vere noko, eller at vi som arrangørar kan bidra med noko. Desse nummera kan finnast HER.

TRANSPORT TIL FARNES

Vegen opp Mjøbakkane til Farnes sin skytebane på Mjøen kan vere utfordrande for dei som kjem med store køyretøy som bubilar og bussar. Her er det difor oppretta ei spesialtjeneste for slike. Dei kan ta kontakt med Farnes Skytterlag sin stevnetelefon, så vert det planlagt transport til og frå skytebana, og ein kan parkere nede i sentrum.

SKILTING:
Det vil som vanleg vere godt skilta til arenaene med våre vegvisarar med Lerum Cup-logoen på. På våre nettsider finnes det også kart med vegvisning, og gps-koordinater som kan vere til hjelp for å finne fram. Det finnes HER

Vegviser Lerum Cup

 

VELKOMMEN
Til slutt ynskjer vi alle tilreisande velkomne til det vi håper blir ei fantastisk helg i vakre Sogn. Fjellvegane våre er åpne, fruktblomstringa langs fjorden er i full gang, reiselivsnæringa er klare til å ta imot overnattingsgjester, vertane er klare, og alt ligg til rette for ei perfekt oppleving for alle. Vi ser fram til mykje god skyting, spennande tevlingar, og framfor alt at folk skal trivast hjå oss.

HJARTELEG VELKOMNE TIL LERUM CUP 2019!

 

 

Sponsorar