Tester ut ny praksis med klargjeringstid før første prøveskudd.

Det har vore diskutert i DFS sentralt å innføre ein praksis med klargjeringstid også i baneskytinga, mellom anna for Landskytterstevnet. Vi i Lerum Cup har diskutert saken, og har bestemt oss for å prøve ut denne praksisen.

Vi ønsker at standplassleiinga, og skytinga, skal opplevast likt for heile Lerum Cup. Difor prøver vi ut ordninga med klargjeringstid før første prøveskudd. Når skyttarane er på plass, ønsket velkommen på standplass, og skytinga er introdusert blir det gitt 2 minutt til klargjøring og lading fra NÅ!

Då er skyttarane under kommando, og kan fritt disponere tida til sikte- og klikkøvingar. Prøveskudda starter til «fast tid», og alle får lik klargjeringstid.

Når dei to minuttane er ute, blir det kommandert: «Gjer klar til prøveskudd. Fritt antall prøveskudd i 3 minutt – ILD!». Så blir det kommandert STANS når skytetida er over som vanleg.

For resten av seriane blir det den vanlege praksisen som vi har opplyst om tidlegare.

 

 

Sponsorar