Som tidlegare nevnt vil det også i år vere visse smittevernreglar som gjeld under arrangementet. Sjølv om smittetrykket nå er lågt, så ser vi at det skjer enkelte utbrudd her og der. Det må vi gjere vårt ytterste for at ikkje skal skje hjå oss. Vi kjem difor til å gjennomføre på omtrent samme måte som ifjor.
Registrering av gjester: Det blir lagt ut protokoller som gjester skal skrve seg inn i med navn og telefonnummer som vil blir brukt ved eventuell smittesporing.
Desinfisering: Det blir satt ut antibac på sentale plasser slik at folk kan sørge for god hådhygiene. Toaletter blir reingjort, og det vil vere kvitteringslister for reinhold.
Påmelding: Som ifjor oppfordrer vi til at ein og samme person kan melde på alle i sitt reisefølgje. Då reduserer vi kødannelse. Betaling ynskjer vi helst kontantlaust. Alle arrangører har kort og Vipps.
Opprop: Det vil også i år vere slik at skyttarane møter på oppropsplass, og marsjerer inn ein og ein på klarsignal frå standplass. Dette vil den enkelte arrangør tilpasse til sin arena, så sjå eller spør etter informasjon hjå arrangøren.
På standplass: Det er 1 meter avstand som er hovedregelen. Difor vil det vere redusert kapasitet enkelte plassar. Det er enkelte grupperinger som kan omgå 1meter regelen, så enkelte lag kan likevel vere fulle. Men vi må uansett ta høgde for 1 meter, og då vil det vere ledige skiver i dei fleste lag. Dette gjekk veldig flott i fjor, og vi reknar ikkje med problemer i år heller.
Eget liggeunderlag: DFS sin reglar seier framleis at skyttarane skal ha eige liggeunderlag som dekker kroppen. Så det lyt vi også kreve.
Kafeteria med livevisning: Det vil sjølvsagt vere kafeteria med livevisning av skiver. Også her må alle passe på å holde avstand til andre, og nytte kontantlaus betaling.
Skyting på ledig plass: Det vil så langt smittevernreglane tillèt det vera mulig å skyta på ledig plass. Difor vil det bli praktisert venteliste. Skyttarar som ikkje har meldt seg i påmelding seinast 20 minutt før oppsatt skytetid risikerer å mysse plassen sin. Det går an, hvis du ser at du får litt knapp tid av ein eller anna grunn, å ta kontakt med arrangør på stevnetelefonen, så risikerer du ikkje å mysse plassen din når vi veit du berre er litt seint ute.
Det samme gjeld hvis du ser at du kan skyte på ein ledig plass, kanskje i eit lag som er tomt; Ta kontakt med arrangøren i god tid slik at vi veit at du kjem, så risikerer du ikkje å komme til låste dører hvis det til dømes skulle vere siste laget for dagen du sikter deg inn mot.
Skilting: Veldig mange av våre gjester gjengangere, men vi ser gledeleg at det også i år er ein del nye påmeldte. Til dei kan vi sei at alle arenane blir godt skilta med vegvisere som har Lerumcup-logoen på seg.
Det skal difor vere veldig greitt å finne fram. Man kan også bruke gps-opplysninger og karthenvisninger som man finner på denne under fana Arrangørar . Der vil de også finne stevnetelefonar til alle arrangørane.
Øvrige fellesreglar for Lerum Cup finn de under fana Program.
Det heile startar søndag 8.August, det er berre ei god veke til, då Leikanger, Hafslo, og Sogndal åpner for at arrangørane skal få skyta, Siden går det slag i slag før det verkeleg starter torsdag 12.August.
Vi gleder oss, og ynskjer alle skyttere, fanklubber, og anna publikum hjerteleg velkome til LERUM CUP 2021.