Det er alltid spennande når vi kjem til Mai, og sjå om dei vinterstengde fjellvegane til Sogn blir brøyta opp og åpner for sesongen. Vi veit det er mange tilreisande som nytter seg både av Sognefjellsvegen og Tindevegen når dei kjem til oss.
Så det vert mulighet til å oppleva alt frå høge brøytekantar, til vårstemning og frukthagar også i år. For traffikkinformasjon så oppmoder vi om å bruke Statens Vegvesen sine sider vegvesen.no .
For informasjon om Tindevegen, så bruk Tindevegen sin nettsider tindevegen.no
Ellers vil vegen fram til våre arenaer som vanleg vere godt skilta med vegvisere med Lerum Cup logoen på, slik at det skal vere greitt å finne fram, sjølv for den som aldri har vore her før.
Minner og om at for dykk som reiser med store bubilar, og er bekymra for smale tilkomstvegar og tronge parkeringsplassar ved arenaene, så er det mulig å ta kontakt med den aktuelle arrangøren i god tid, gjerne dagen før dykk kjem, så kan vi planlegge parkering litt lenger unna, og transport til og frå skytebana. Men ikkje ring og be om transport ein halvtime før skytetida. Då kan dykk ikkje forvente å få hjelp. I slike tilfeller må arrangøren ha tid til å områ seg, og organisere transporten.
Det er i underkant av to veker til dei første skota vert fyrt av for Lerum Cup 2022. Det vil sei at er du ikkje påmeldt endå, så begynner det så smått å haste. Det er berre å sette seg ned, finne fram påmeldingssidene, og finne seg ei passande rute. Vi har masse ledige plassar. Påmelding her
Alle er hjarteleg velkomne til vakre Sogn