Det er kun ei veke igjen til dei først skota i Lerum Cup 2022 smell avgårde, då arrangørane gjennomfører sin skyting neste helg. Nærare bestemt 14. til 16. Mai.
Kun siste finpussen på skytebanene gjenstår før vi er klare til å ta imot gjestande skyttarar frå det ganske land. Også i år er det påmeldte skyttarar frå Kristiansand i sør, til Målselv i nord. Vi ser likevel samme utviklinga hjå oss, som i andre delar av DFS, at det er nedgang i antall deltakarar. Men vi er nærme 600 påmeldte, så vi er ikkje misnøgde med det. Dette blir ein flott skytterfest!
Vi er som alltid opptekne av at alle som kjem til oss skal bli tekne godt imot, og kjenne seg velkomne. Lerum Cup skal vere ein triveleg stad å vere, og vi skal kunne ta imot både ris og ros med samme venlege sinn. Det er det som gjere oss bedre. Men for at Lerum Cup skal vere ein triveleg, og trygg, stad for alle, så må vi ha nokre køyrereglar.
Vi håper alle enten bruker kammerflagg, eller transporterer våpenet med sluttstykket adskilt frå våpenet. Vi skal ikkje vere militære, men avvik vil bli påpeikt. Alle vil få 2 minutt klargjeringstid før første prøveskot, så det er tid til klargjering.
Unge, og uerfarne, skyttarar kan ha med seg hjelp på standplass, men hjelparen må ikkje forstyrre dei andre skyttarane. Trekk difor bak på standplassen mellom seriane. Dei må og respektere den jobben som standplasskontrollørar og standplassleiar skal gjere.
Vi kjem til å praktisere venteliste, men dei skyttarane som set seg på liste for å skyte på eventuell ledig plass må sjølve kontrollere med stevnekontoret om det blir ledig plass. Skyttarar må vere frammøtte seinast 20 minutt før skytetida, ellers risikerer dei at plassen går til ein som venter på ledig plass. Men skulle dykk sjå at tida av ein eller annan grunn blir knapp for å nå fram i tide, så ta kontakt på stevnetelefon så venter vi på dykk, eller vi ordner seinare skytetid både på den stemna, og den neste slik at dykk vil rekke fram. Kommunikasjon løyser det meste.
Vis hensyn på parkeringsplassar, ikkje parker slik at andre ikkje kjem fram, og følg dei henvisningar som arrangørane gjev. Ikkje ta med campingvogner til skytebana, og reiser du med stor bubil så kan parkering lenger unna og transport til og frå organiserast berre dykk tek kontakt med den aktuelle arrangør i god tid, og gjerne dagen før. Igjen; kommunikasjon vil løyse dei fleste problem.
Ellers forsøker vi å ha lik standplassleiing på alle arenaer, slik at det er lik praksis. Lerum Cup sine felles køyrereglar kan dykk lese HER
Det blir salgsboder fleire stadar; Dagfinrud blir å finne hjå Aurland, Norma blir å finne hjå Leikanger, og Skytterlinken blir å finne hjå Knipenborg, så det er gode sjansar for ein god handel.
Ellers blir det cafèteriaer på alle arenaer med både mat og drikke slik at man kan få i seg næring og slå av ein skytterprat i samme slengen. Det skaper god stemning på arenaene våre.
Vi ser fram til ei travel og triveleg veke, og håpar at alle får ei vellukka tur til Sogn. Lat dette bli ein fest for både aktive, arrangørar, supportarar, og andre publikumarar.
VELKOMEN TIL LERUM CUP 2022