Skyttarfesten er igang, og dei første skyttarane har gjort unna si skyting hjå Hafslo, Leikanger, Sogndal, og Aurland. Og dei god resultata let ikkje vente på seg.
Vegar Solhaug frå Aurland åpna med 340p på Hafslo, men på Leikanger så viste skiva 346p. Og ikkje nok med det, i Sogndal så høyna han det resultatet til 348p, og det låg an til å bli verkeleg bra. Men med 340p på heimebana i Aurland, så kan det bli vanskeleg å nå heilt til topps samanlagt, sjølv om han leiar suverent akkurat no.
I V73, så er det Toralf Tøsse, også han frå Aurland, (til venstre på bildet), som er best i gang med to gonger 350p, og kun to tapte poeng på tre stevner. Arvid Brennset frå Leikanger, til høgre på bildet, ligg på toppen i klassen, men han har skote fleire stevner, og avgitt fleire poeng, så Tøsse kan overta den plassen om han held fram sin gode skyting.
Johan Hamre Nornes leiar klasse Eldre Junior med gode 346p hjå Sogndal, som sitt beste resultat.
Mykje fin skyting har det vore allereie, og i kveld fortsetter Lerum Cup, og det er skytterlaga i Årdal, Farnes og Knipenborg, som er vertskap. Klokka 17:00 startar første lag både på Mjøen og på Loi, så då får vi sjå om det blir fleire gode resultat å skrive om.
Ynksjer alle ein feiande flott 17.Mai i morgo, og så sjåast vi snart på ei skytebane.