Kvar stemne i Lerum Cup, i år seks stykker, har sin eigen vanlege premiering ihht. skyteboka med pengepreimar og medaljar.
Så er det laga ein paraply over alle seks stevnene, med ei flott premiering for samanlagte resultater. Og her er det fleire kategoriar.
For det første så stiller vår hovedsponsor, Lerum, med ein stor sum pengar som gjere oss i stand til å premiere dei tre beste samanlagt i kvar klasse. Og legg spesielt merke til at det er to endringar i år. For det første så er Lerum Produkta som tidlegare var brukt til tredjeplassen, no erstatta med ein pengesum. Dette gjere det umåteleg mykje enklare å administrere, då alle premiane no kan overførast elektronisk. For å løyse ut denne klassevise fellespermieringa har vi satt som forutsetting at det må vere minimum fem deltakarar i klassen på alle stevner.
Den andre endringen fant vi ut at vi måtte gjere fordi vi år altså er seks arrangørar, mot fem tidlegare. Difår valgte vi eit system der vi stryk det dårlegaste resultatet, og lar dei fem beste oppnådde resultata vere teljande på samanlagtlistene.
Det gav oss ein ny utfordring med kategoriane «Jamnaste resultat» og «Beste plassiffer». Det ville gitt ein utfordrande programmering om vi skulle ha fått dette riktig, fordi det er ikkje sikkert at det dårlegaste resultatet ville vere det rette resultatet å stryke i desse kategoriane. Så for ikkje å havne i ein situasjon der det ville vere diskusjon om kven som er riktig vinner i desse kategoriane, om berre skyttaren fekk stryke eit anna resultat enn det dårlegaste, så valgte vi ta desse kategoriane ut i år.
Men vi skal dele ut preimane likevel, berre på ein anna måte. For at vi skal opprettholde vår breiddeprofil, og for at det skal vere rettferdig, så skal vi trekke desse gåvekorta ut til tilfeldige deltakarar, som har delteke på alle seks stevnene. Nokre gåvekort skal vi trekke ut blant deltakarane på 100 meter, nokre skal vi trekke ut blant deltakarane på 200 meter, og nokre skal vi trekke ut blant alle. Einaste forutsettinga for å kunne vinne er at du har delteke på alle seks stevnene.
Trekkinga foregår ved at alle deltakarar lagt inn eit system alfabetisk, og får sitt tall, så lar vi ein nummergenerator trekke ut tall elektronisk og tilfeldig, og slik kjem vi fram til vinnarane. NB! Hvis samme deltakar skulle bli trekt ut to gonger, så trekker vi om igjen, slik at man kan ikkje vinner meir enn ein gong.
Så kan det godt hende at når vi får evaluert årets Lerum Cup, og tenkt oss litt om, at vi gjenninnfører Jamnaste resultat og Beste Plassiffer, eller kanskje vi kjem opp med nye spennande kategorar. Kven veit. Det kan og hende at vi år om anna varierer mellom 5 og 6 arrangørar.
Men vi må også ha ekstra premiering til dei som skyt aller best. Difor har vi beholdt premiekategorien Beste enkeltresultat. Her vanker det som vanleg NOK 2000,- til beste enkeltresultat. Og det uansett stevne.
Så har vi den store gulrota, nemleg Jackpotten vår. I 2017 bestemte vi oss for å innføre denne som ein vandrepreime til vinnaren av Lerum Cup. Arrangørane legger NOK 2000,- i potten kvart år vi arrangerer, slik at den vil heile tida vil auke så lenge den ikkje blir utløyst. For å løyse ut potten, må samme skyttar vinne Lerum Cup 3 gonger.
Og det er til nå tre skyttarar som har aksje i Jackpotten. Kim Andrè Lund vant dei to første åra, i 2017 og 2018, og vi frykta at potten skulle gå allereie det tredje året. Men då kom det ein annan ved navn Lund og stoppa rekka. For i 2019 vant altså Tor Harald Lund sin første aksje. Så i 2020 vart det skikkeleg «tjeideng» på gutta. Då kom nemleg Jeanette Hegg Duestad som ein virvelvind, sletta omtrent det som var av rekorder, og vant på ein måte som vi nesten må sei var suveren. 1742 poeng på fem stevner presterte Jeanette. Det er altså eit snitt bedre enn 348p pr. stevne.
Så får vi sjå om nokon klarer å komme i nærheten av Jeanette sin prestasjon, og kven som stikker av med årets aksje i jackpotten. Ettersom det ikkje vart arrangement i 2021 på grunn av koronarestriksjonar, så overføres potten frå 2021 til i år, og er altså nå på NOK 10 000,-. Men det er altså berre Kim Andre Lund, som er den einaste med to aksjer, og som kan løyse den ut nå. Vi reknar med det er fleire som vil sikre seg aksje i potten, og vere med å kjempe om denne store gulrota, så det blir umåteleg spennande å sjå korleis det går når dei store favorittane entrar standplassane våre.
Alle pengepremiane blir til slutt lagt inn i eit fiktivt stevne i Mitt Dfs, og premiane blir utbetalt som etter eit vanleg DFS-stevne.
Då ynskjer vi alle hjarteleg velkomne til Lerum Cup 2022, og vi håper alle får eit minnerikt opphald hjå oss, enten det er aktive eller det er reisefølgje og supportere. Det blir heilt sikkert nokre nedturar, men vi håper at det blir flest oppturar enten man plasserer seg heilt øverst på listene, eller er fornøgd med å vere litt lenger nede.
LYKKE TIL ALLE SAMMEN!