Ringebu og Fåvang skyttarlag gjere eit imponerande rekrutteringsarbeid. Til Lerum Cup stiller det med ein tropp på totalt 32 skyttarar, der heile 23 er ungdomar. Eg fekk fortalt at dei var totalt 78 stykker i reisefølgje, og det var representantar frå heile 19 familiar. Alle reiser i lag, og bur samla på Sogndal Hotell, så dei blei litt av eit gilde til middag når dei kom tilbake til hotellet i kveld.
Eg fekk også fortalt at samme mann hadde lada skudd til heile gjengen før dei reiste, og at han hadde lada over 5000 skudd før dei tok vegen hit. Eit imponerande arbeid det og.
Eg var på standplass 100 meter og fekk ta bilete av gjengen, som fyllte opp nesten tre lag.
Og ikkje berre er dei gode på rekruttering, dei er også flinke på innkludering. Sondre Ødegård som ikkje har fysiske forutsettinger til å kunne vere med på andre aktiviteter som fotball, hånbdall, eller ski, har funne sin aktivitet på skytebana. Her har dei konstruert ein benk til han slik at han blir innkludert og får vere med på lik linje med alle dei andre. Og gutten synte stor glede av det han presterte på skytebana. Man kan bli rørt av mindre.
Vi takker Ringebu og Fåvang for besøket, det ligg masse arbeid bak planlegging og logistikk for ein slik tur, og dei er velkomne tilbake neste år.