Daniel Sørli gjorde seg ferdig med sin skyting laurdag, og enda på 1741 poeng. Men måtte vente lenge før han kunne slå fast at det holdt. For Rasmus Løberg gav han knallhard kamp heilt inn, faktisk heilt til det aller siste skuddet.
Rasmus Løberg avsutta på Leikanger og låg faktisk an til å kunne klare det, han skulle berre skyte ein normal omgang, og det ville ha holdt. Men på det aller siste skuddet vart det ein 9,8, og dermed enda han opp poenget bak Daniel. Hadde det vore ein 10,0, så ville Rasmus ha snytt Daniel for sigeren. Så små marginer skilte nummer 1 og 2 i årets Lerum Cup.
Men Rasmus Løberg kunne likevel koste på seg eit smil, for han vant stevnet på Leikanger, og sjølvsagt stevnet i Aurland med den fantastiske banerekorden på 350 poeng med heile 26 sentrum. Dermed får Rasmus også premien for det beste enkeltresultatet, og det er vel fortjent.
Men gutta klarte altså ikkje å slå samanlagtrekorden til Jeanette Hegg Duestad frå 2020, sjølv om dei fekk mulighet til å stryke eit resultat. Så den lever vidare.
Lerum Cup 2022 går med dette over i historien. Så vidt meg bekjent heilt uten problemer for nokon av arrangørane. Og det er vi veldig fornøgde med.
Deltakermessig er det ein klar nedgang frå sist, men det er ikkje uventa slik det har utvikla seg etter to år med pandemi og restriksjoner. Men det har vore veldig god stemning på arenaene, og vi kan slå fast at dei som har vore her har kosa seg med endeleg å kunne reise på stevner på normalt vis igjen. Det har vore berre smil og glede å sjå. så får vi alle sammen jobbe for å auke rekrutteringa, og få opp igjen deltakertalla på DFS-stevner rundt om i heile landet.
Vi understreker at resultata på Lerum Cup-sidene er uoffisielle inntil noko anna blir meldt. Offisielle lister finnes på arrangørane sine respektive heimesider.
Nå skal vi trekke pusten og slappe av litt. Det føler vi at vi fortjener. Så skal vi kontrollere alle lister slik at alt stemmer, og gjere opp status på det meste, og også lage ein endeleg premieplakat. Sjekk gjerne listene og gje oss tilbakemelding om dere finner ting som ikkje stemmer.
Årets arrangement skal naturlegvis evalueres, og planer skal legges for Lerum Cup 2023. Om nokon har noko på hjartet, enten det er positivt eller negativt, så tek vi gjerne imot. Det vil bidra til å gjere oss bedre.
Vi takker alle som har vore innom oss for denne gang, og ynskjer vel møtt igjen 18. til 21. Mai i 2023.