Lerum Cup 2023 treff på ei langhelg, og det gir uante muligheter for eit opphald i Sogn. Vi jobber med å få på plass aktivitetar utenom skytinga som vil vera med på å gjere eit opphald ved sognefjorden meir innhaldsrikt og opplevingsrikt. Med fire dagar gjeld det å planlegge opphaldet og få det beste ut av det. Og kva kan vel vere bedre enn å planlegge inn ei oppleving utenom det vanlege.
Bulder og Brak Opplevingar er ein liten organisasjon i Årdal som driv med ulike aktivitetar og opplevingar i den flotte naturen som omgjev Sogn og Sognefjorden. Ein av aktivitetane dei driv med er kajakk. Dei har no sagt ja til å arrangere kajakk-kurs og guida kajakkturar 18. til 21. Mai neste år. Altså under Lerum Cup.
Det er berre å følgje med på våre nettsider, og på Bulder og Brak sine nettsider, så vil det komme meir informasjon etter kvart. Dette kan bli fantastisk.
Her kan og komme fleire alterantiv til aktiviteter så følg med !