Det er kome oss for øyra ein skikkeleg godbit av ein nyhet. Det norske coutrybandet Gunslingers spelar nemleg utekonsert på Nokkaneset laurdag 20. Mai! Arrangør er Sognefjord Hotell, og Nokkaneset ligg ned mot fjorden på baksida av hotellet.
Gunslingers er eit av dei beste countrybanda i Norge, spelar skikkeleg god norsk country og syng på hardangerdialekt. Dette borgar for sikkeleg stemning på Leikanger midt under Lerum Cup 2023.
Dette er ein veldig fersk nyhet for oss, men vi skal sjølvsagt holde poteta varm og følgje med på det som kjem.
I mellomtida kan de bli kjent med Gunslingers her, og de kan høyra ein smakebit her