Det jobbes kontinuerleg med årets Lerum Cup, og nå kan vi presentere oppdaterte nettsider med masse ulike aktivitetstilbod i Sogn. I hovedmenyen på framsida, som bildet viser, så er det nå lagt inn ein rullegardinsmeny med sider som viser veldig mykje aktiviteter i Sogn, sortert etter kommunane du finn dei i.
Her er det lagt inn lenker i både bilete og i tekst, som leder deg direkte til tilbydarane sine informasjonssider. Der vil du finne alt du treng å vite. Og du vil også finne mykje nyttig informasjon under «Info til reisande», i den samme menylinja. Så det er berre å bruke sidene våre, og utforske det vi har å tilby, og sjå ikkje vekk frå at det kan dukke opp enda fleire tilbod.
Vi vil også nevne at vi jobber med å skaffe eit antall billetter til den annonserte konserten med Gunslingers som skal finne stad på Leikanger. Dei vil bli presenterte som ein konkurranse i samband med førhåndspåmeldinga, men detaljane her er ikkje avklara 100% med arrangøren, slik at vi vil komme tilbake til dette om ikkje så lenge. Men det gjeld nå å motivere flest mulig til på melde seg på årets Lerum Cup.
Tidsskjemaet for Lerum Cup 2023 er også oppdatert slik at man kan sjå konuturane av korleis årets Lerum Cup vil sjå ut. Det skjer altså i ei langhelg i år, som vi håper skyttarane benytter seg av og bruker helga i Sogn, med dei mulighetane som ligg her. Tidskjemaet vil aldri vere 100% faststøypt, slik at spesielle ynskjer og behov kan bli innfridd så langt det er mulig for arrangørane.
Til slutt ei påminning om førehåndspåmeldinga som skjer 29. til 31. Mars. Alle informasjon om dette finner du HER.