Arrangørlaga i Lerum Cup ligg ikkje på latsida. Vi har fleire «ballar» i lufta samtidig. Laga på sørsida av Sognefjorden har også tradisjon for å åpne utesesongen med Vårteffen. Så også i år. Datoane for stemnene er 15. og 16. April.
Men i år prøver vi oss med eit litt anna konsept enn tidlegare. Det vanlege har vore tre banestemner laurdag, og to feltstemner søndag. I eit forsøk på å få fleire til å skyta felt, så går vi år ned til to banestemner, og eit feltstemne, alle arrangert over to dagar.
Då blir det eit banestemne hjå Aurland Skyttarlag, så blir det eit banestemne hjå Farnes Skyttarlag, og eit feltstemne arrangert av Knipenborg og Tønjum skyttarlag i Naddvik, litt vest for Årdalstangen. Og det blir arrangert både laurdag og søndag.
For at det skal vere mulig for skyttarar og skyta alle tre stemnene på samme dag, så prøver vi å legge ein styring i påmeldinga. Vi åpner påmeldinga til Aurland sitt banestemne først. Det gjere vi den 12.Mars, slik at dei som vil skyta alt på ein dag kan melde seg på der. Då vil arrangørane legge inn dei samme navna på dei andre stevnene på valgt dag etter oppsatt tabell. Lik farge tabellen er samme skyttarane i rekkefølgje Aurland, Farnes, og felt til slutt.
På denne måten får vi komprimert arrangementa, og får ikkje skyttarane så spredt ut over dagen. Så åpner vi påmeldinga også for dei to stemnene i Årdal slik at det vert mulig å gjere eigne prioriteringar.
Feltstevnet kjem til å gå i vårlege omgjevnader i samme område som Knipenborg har arrangert tidlegare. Finfelten og Grovfelten følgjer kvarandre, og skyt frå samme standplassane, og det er ei kort og lett løype å gå. Det vil verte lagt ut kunstgressmatter på standplassane, slik at det vert tørt og fint å skyta. Med vårstemning, og flott vèr, blir dette ei fin feltoppleving. Vi har ikkje konkludert på om vi skal tilby ei vanleg stemne med 5 hold, eller om vi skal tilby 7 hold. Det må vi sjå litt nærare på.
Vi håper mange vil legge turen til Sogn også denne helga, som ei opplading til det som skal skje litt seinare i vår.