Påmeldinga på nettet åpna måndag kveld, og tal påmeldte er no godt over 600. Dette lovar veldig godt for ein stor skyttarfest i mai.
Det blir altså arrangert 6 stevner, der kvar stevne vil ha sin vanlege premiering etter skyteboka.
Så vil det vere premiar til dei beste i kvar klasse samanlagt, der dei fem beste stevnene vil telja. Det dårlegaste resultatet blir altså strøket, slik at man kan tåle å ha ein litt dårelgare tur på det eine stevnet.
Det vil vere pengepremiar til dei beste i kvar klasse på samanlagtlista etter dei oppsatte kriteriane. Premiering
Dette er det vår hovedsponsor Lerum som gjere mulig. Dei har vore med oss gjennom mange år, trur det er 13. året no, og dei har bidrege til at Lerum Cup faktisk er vorte eit merkenavn i skytesporten. Vi ser at det er mange deltakarar som kjem tilbake år etter år, og så er det også stadig nye som tek turen til oss. Og det er vi svært takknemlege for.
Men vi har endå meir premiar, for vi har ein del som stiller med gåvekort som kan nyttast hjå dei, og som vi kjem til å trekke ut etter stevnet, blant dei som har delteke på alle stevnene. Så hjå oss kan du vinne fine premiar, berre ved å delta.
Skytterlinken stiller som alltid opp med sin stand hjå Knipenborg, og dei bidreg også med eit gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-. Dette gåvekortet kjem til å bli trekt ut til ein tilfeldig deltakar på 200 meter.
Norma kjem også i år med sin stand til Leikanger sin arena, og også dei bidreg med eit gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-. Dette blir trekt ut til ein deltkakar på 100 meter, som har delteke på alle stevnene i Lerum Cup
Også skytterkontoret til DFS kjem med stand under årets Lerum Cup, og dei blir å finne på Leikanger sin arena. Dei bidreg også med et gåvekort til ein verdi av NOK 1500,-. Dette skal trekkast ut til ein tilfeldig deltakar blant alle som har delteke på alle stevnene i Lerum Cup.
Og sjølvsagt vil også alltid omkringreisande Dagfinrud bli å finne under Lerum Cup. Bjørn kjem til vere på Låvi hjå Aurland. Og Dagfinrud bidrege med gåvekort til ein verdi av NOK 3000,-, som vi har valgt å dele opp i tre gåvekort, kvar på ein verdi av NOK 1000,-, slik at fleire kan vinne seg ein fin premie. Av desse gåvekorta skal to trekkast ut blant deltakarane på 200 meter, og eit blant deltakarane på 100 meter, som har delteke på alle stevnene i Lerum Cup.
Landrø stiller ikkje med stand hjå oss, men dei er likevel gavmilde og bidreg med eit gåvekort til ein verdi av NOK 1500,- likevel. Og dette gåvekortet vil bli trekt ut blant deltakarane på 100 meter, som har delteke på alle stevnene i Lerum Cup.
Så er det ein sport og våpenforetning i Førde som også bidreg til premiebordet. Dei stiller med tre gåvekort, kvar til ein verdi av NOK 500,-. Desse gåvekorta blir trekt ut til tilfeldige deltakarar blant alle som har delteke på alle stevnene i Lerum Cup.
Og så rette vi nok ein takk til Sognefjord Hotell som gav oss 8 billettar til ein flott konsert med Gunslingers. Desse billettane er allerede trekt ut blant dei som nytta seg av førehåndspåmeldinga, og vinnarane er annonserte her.
Oppå alt dette igjen, så har vi nokre pengepremiar til. Vi kjem som alltid til å sette opp NOK 2000,- til den skyttar som klarer det beste enkeltresultatet i klasse 3-5, uansett stevne.
Så har vi denne jackpotten vår, som går som ein vandrepreime til vinnaren av Lerum Cup klasse 3-5. Den har nå gått nokre år, og vi legger altså av NOK 2000,- for kvart år Lerum Cup arrangeres. i 2023 er det sjette året det skytes om denne potten, og den er i år kome opp i den nette sum av NOK 12 000,-
Kim Andrè Aanestad Lund har vunnet den to gonger, Tor Harald Lund, Daniel Sørli, og Jeanett Hegg Duestad har vunnet den ein gang kvar. Den må vinnast tre gonger for at den blir løyst ut. Det er såleis berre Kim Andrè som kan stikke av med den i år. Og han er blant dei påmeldte. Det er også Tor Harald og Daniel, og ryktet fortel at Jon-Hermann Hegg har planar om å ta med seg sine kollegaer på riflelandslaget heim att til årets Lerum Cup. Og når me og ser på dei øvrige som allereie er påmeldte, som mellom andre tel våre lokale toppar Vegard Solhaug og Benedicte Oppedal, så kan dette bli ein fantastisk kamp til aller siste skudd.
Vi kjem også til å få ein durabeleg kamp i dei andre klassane, for her er det veldig mange gode skyttarar som legg turen til Sogn desse dagane i Mai. Og så er det veldig mange som legg turen hit for moroskuld og sosialt samvære, og det er veldig kjekt, for det er det som gjere Lerum Cup til den festen det er .
Vi er spente på kor mange det blir til slutt…….Påmeldinga er åpen og det er mange ledige plassar igjen. Skal du kombinere med 100 meter, så anbefaler vi nå å tenkje torsdag og fredag, for spesiellt laurdag er temmeleg fullt på 100 meter. Står du fast, så ta kontakt så kanskje vi kan hjelpe deg. Vi kan ikkje love, men i kan prøve. post@lerumcup.no er adressa du bruker.
Vi ser fram til fantastiske dager i Mai
VELKOMNE TIL LERUM CUP 2023!