Ryktene stemmer; Jeanette Hegg Duestad og Jon-Hermann Hegg kjem til Lerum Cup. Dermed er to av verdens beste skyttarar med i vårens vakraste eventyr. Saman med mange av dei andre storkanonene i skyttarnorge, vil dette bli ein attraksjon ingen vil gå glipp av. I tillegg til Jon-Herman Hegg er Vegar Solhaug og Benedicte Oppedal lokale toppsyttarar som no skal måle krefter med det beste som finnes i skyttarnorge, for ikkje å sei Europa. Jon-Herman er jo Europamester. Alle dei som til no har aksjer i jackpotten vår stiller til start, og det er mange fleire som vil vere med i det gode selskapet.
Og dei store favorittane har fordelt seg med skytetider gjennom heile helga, slik at vi får spenning og underholdning frå start, og heilt til aller siste lag på søndag ettermiddag.
Det er fortsatt plass til fleire skyttarar, Det er pr. idag 24. April klokka 13:00 påmeldt 650 skyttarar, og vi har lagt ned ein jobb for å lage litt oversikt over ledig kapasitet for dei som enda ikkje har meldt seg på.
Dette bildet viser ikkje eksakt, men gir eit raskt overblikk over kor man kan finne ledige plassar. Dagane er kvar dag frå venstre mot høgre inndelt i perioder for å vise kor tid man kan finne ledige plasser. Tidleg på dagen til venstre, og seint på dagen til høgre, Sjølv om dette bildet viser rødt felt, så kan det vere enkelte ledige plasser, men det lettaste er å leite i dei gule eller grønne tidspunkta.
Og som den øverste delen viser, så er det ein god del muligheter enda på 200 meter. Det vanskelege er hvis man ynskjer å kobinere med 100 meter (nederste delen). Då er det torsdag og fredag som er lettast, men det kan finnast muligheter også laurdag og søndag, i allefall hvis man skyt nokre stevner før laurdagen.
Vi har og eit exceldokument som viser kor det er ledige plasser på alle stevner, som det nok er lettare å leite i enn gjennom påmeldinga på Mitt DFS. Skjema her.
I dette skjemaet er røde felter opptatt, kvite felter ledig, og så er det ei arkfane for kvart stevne.
Vi håper dette vil gjere det enklare å finne skytetider, slik at fleire kan melde seg på og bli med på dette eventyret, for dette blir fantastisk moro. Vi gjere merksam på at påmeldingen endrer seg heile tida, så bildet vil endre seg etterkvart som folk melder seg på, flytter seg, eller melder seg av. Og det vil ikkje oppdateres her. Men vi kan alltid vere behjelpelege om nokon trenger råd eller hjelp.
Vi er som sagt nå rundt 650 påmeldte, målet må vere å komme over 700……Det burde ikkje vere urealitisk. Det er framleis tre veker igjen til første skotet smeller, så det er god tid til å slenge seg med.
Som vi gleder oss!