I prosessen fram mot Lerum Cup 2023 der vi diskuterte; Korleis få publisitet rundt arrangementet vårt ?, kom det opp ein brilliant idè frå Olav Skarsbø; «Kanskje me skal invitera Sogndal Fotball til ei av skytebanene våre, då kjem heilt sikkert avisa på slep……». Og som tenkt, så gjort.
Tysdag denne veka vart nettopp Sogndal Fotball invitert til Leikanger sin skytebane, heilt uten at nokon av dei visste kva dei egentleg skulle vera med på. Det var nemleg lagt opp som ein blåtur for Sogn sit eige topplag i fotballen, så det var nok ein spent gjeng som lurte på kor turen gjekk då dei sette seg på bussen i Sogndal tysdag ettermiddag.
Det vart ein kveld med god stemning der fotballgjengen fekk ein innføring i både skytesporten og kva Lerum Cup er, samt at dei også fekk ei innføring i det å skyta, og dei fekk prøva seg på standplass. Leiar i leikanger skyttarlag, Gabriel Skjulhaug Yttri, stod for det faglege innholdet.
Det vart frikveld frå fotballtreninga, men ei god konsentrasjonsøkt på skytebana i staden.
Litt å eta og drikka måtte sjølvsagt ordnast.
Og det såg ut til at karane kosa seg på skytebana.
Og så var det å finne blinken i sikte…..
Kyndig instruksjon både får Gabriel og ungdomane i skyttarlaget.
Premieutdeling og bilde av beste mann høyrde og til.
Og som seg hør og bør eit lagbilde til slutt.
Det kjem heilt sikkert meir om denne kvelden i dagane som kjem, både i Sogn Avis og på Sogndal Fotball sin eigen heimeside sogndalfotball.no