I dag smeller dei første skota under Lerum Cup 2023, når arrangørane gjennomfører skyting hjå Hafslo og Aurland.
Under eit så stort arrangement der mykje folk er til stade på arenaene, så er sikkerheten viktig. Vi ynskjer at alle skal bidra til at det trygt å oppholde seg på skytebana både for skyttarar, publikum, og arrangørar.
Pass på at geværet bæres med munningen opp, og bruk kammerflagg. Alternativt legg sluttstykket i ammoveska.
Vi praktiserer vanlege reglar, som for til dømes norgescupen, og alle vil få 2 minutt til lading og klargjering før første prøveskudd. Hugs at det er ikkje tillatt å ta ut kammerflagg, eller sette inn sluttstykke, før det er komandert «Lading».
Det er lov for foresatte å hjelpe unge skyttarar på standplass, men standplassen skal ikkje vere overbefolka, og man må unngå å forstyrre andre skyttarar. Trekk difor bak på standplassen når kommando starter.
Feil, og overtredelser, vil bli påpeika.
Øvrige stevnereglar som er felles for alle arrangørane kan man lese om HER..
Vi ynskjer alle velkomne til Lerum Cup, og håpar alle får ei flott veke, og helg, med gode opplevingar og god skyting.