Første dagen i langhelga er over, lyden av skudd har stilna, og mørket siger på. Når vi sit og ser over resultata så merker me oss to jenter, og tre karar i den eldsteklassen.
Me begynner med jentene, og dagens store høgdepunkt; Amalie Evensen, frå Os.
Det var ei spennande stund for både vennegjengen frå Os, og for oss som var på Loi når Amalie Evensen var på standplass og leverte sin skot. Først stod jubelen i taket då siste skotet i grunnlaget gjekk i blinken og skiva viste 250 poeng. Og når også omgangen vart perfekt levert vart det endå meir jubel, og gjengen storma til standplassen før Amalie hadde fått anvist sin siste serie. Då skiva viste 350 poeng var det ein del følelsar i sving, og nokre tårer rant nedover kinnet til ei veldig glad og letta jente. 350 poeng, med 17 sentrum, to sentrum mindre enn banerekorden på Loi, er sålangt det beste enkeltresultatet i klasse 3-5. Vi sluttar oss til gratulantane, Amalie, du gav oss eit øyeblikk som kjem til å sitte i ei stund.
Litt tidlegare var Dagrun Skaug, klasse junior, på 100 meter standplass på samme arena. Ho presterte 350 poeng, med heile 28 sentrum. Det er ledelse i klasse Junior hjå Knipenborg, men det er ikkje meir enn 3 innetiarar føre nr 2, som er Vegar Fjærli frå Bæverdalen. Så det hard kamp også i klasse Junior. Det er for tidleg å konkludere noko om samanlagt då dei fleste har fleire stevner i igjen.
Og så var det desse «gamlekara». Knut Skjæbreid frå Hålandsdalen/Eikelandsosen skaut først 350 med 30 innertiarar hjå Knipenborg, før desse tre karane møttes på Mjøen hjå Farnes. Og det vart litt av ei oppvisning. Her var Bjarne Sandvik, Knipenborg, best med 350 poeng og 29 innertiarar, ein innertiar meir enn Alf Høysæter fro Tysse. Knut Skjæbreid skaut også 350 poeng, men måtte nøye seg med «berre» 26 innertiarar.
Samanlagt i klasse V73 er det framleis Ludvig Indrebø, Farnes, som leiar med totalsummen 1747 poeng, det er to poeng meir enn Bjarne Sandvik. Men desse to har skutt ferdig sin stevner, og har oppnådd 350 poeng tre gonger kvar. Men dei to andre karane er ikkje ferdige. Alfen har skote tre stevner, og starta med 349 i Aurland før han skaut 350 på begge stevnene i Årdal. Knut har skote berre to stevner så langt, og har 350 poeng på begge. Så dei to i teten står for fall, hvis desse karane held fram med sin strålande skyting.
I morgo er det fredag, og det blir meir skyting. Både desse to jentene, og to av «gamlekara» skal vidare til fleire stevner, medan andre skal starte på sin rundtur. Det blir mykje spennande å følgje med på.