Vi står igjen med berre ein dag av Lerum Cup 2023, og vi har sett gjennom resultatlistene og prøvd å komme til konklusjon. Vi understreker at dei talla som her blir presenterte er i høgste grad uoffisielle, og med alle mulige forbehold.
Lat oss starte med klasse 3-5.
Denne klassen blir i øyeblikke leia av Geir Atle Metveit med poengsummen 1739 poeng. Dette er nokre poeng under det som vinnarpoengsummen brukar å ligge på. Metveit er ferdig med sin skyting, så hans poengsum er endeleg.
Av det vi har kunnet regne oss fram til, så er det ingen av dei som har kun eit stevne igjen som kan slå Geir Atle. Dette til tross for at Kjetil Skår, som har det beste enkeltresultatet med 350 poeng og 18 sentrum er blant dei.
Blant dei som har to stevner igjen, så er det kun ein skyttar som kan klare det. Det er Amalie Evensen, so mer den andre skyttaren med eit stevne på 350 poeng under årets Lerum Cup. Ho kan med full klaff på dei to siste stevnene stoppe på 1744 poeng.
Blant dei med tre stevner igjen finner vi Daniel Sørli som kan havne på 1747p med full klaff, Lars Elling Haugsvær som kan oppnå 1742p, og Bjørn Roar Hagavold som kan oppnå 1743p. Jeanette Hegg Duestad kan komme opp på samme poeng som Metveit, men då må det vere absolutt full klaff på dei tre siste stevnene.
Så til V55:
Denne klassen vert leia av Per Kristian Aas, som har oppnådd 1737 poeng, så spørs det om det er nok.
Av dei med eit stevne igjen er det kun Ove Grimsbø som kan få det til. Han har i øyeblikket 1657 poeng, men har ein poengsum på 268 poeng som han kan stryke, og kan med klaff komme opp i 1739 poeng. Ellers er det Oddvar Staxrud, Anders Edvin Gusdal, og Tor Bjørnødegård som alle har tre stevner igjen som også kan klare det.
I klasse 2 er det Frode Ølmheim som leiar med poengsummen 1712 poeng, og han er ferdig skutt. Det er fem mann som kan slå Frode, og dette er Fredrik Tangen, Thomas Halvorsen, Terje Mo Bjørklund, og Nils-Henrik Jamne. Alle desse har tre stevner igjen å skyta.
I klasse 1 leiar Harald Espelien med poengsummen 1232 poeng. Han er ferdig skutt. Av det vi kan sjå, så er det kun ein skyttar som kan slå Espelien, og det er Øyvind Fossum Johannessen, som med klaff på sine tre siste stevner kan oppnå 1234 poeng. Han har med andre ord ikkje mykje å gje vekk.
I Kikkertklassen leder pr.no Andres Lilleby med 1232 poeng. Det er etter det vi kan sjå berre to skyttarar som kan slå han, begge er frå Ådal, og har tre stevner igjen å skyta. Dette er Gunnar Eikrem og Kjell Andreas Groseth.
Over til 100 meter…..og vi starter med klasse V73
Her leiar Alf Høysæter med 1750 poeng, og 130 sentrum. Så vidt vi kan sjå, så er det kun ein skyttar som kan klare å snyte Alf for sigeren, og det er sjølvaste Odd Kolsrud. Han måtte ta til takke med «berre» 348 poeng på Hafslo, men slo tilbake med rågode 35 innertiarar på Leikanger. Men han må altså treffe tiaren med alle sine skudd også i morgo, og samle seg 35 innertiarar.
I V65 ser det ut til at Willy Sverkmo allereie er vinnar med 1749 poeng. Vi understreker at vi tar alle mulige forbehold, men vi kan ikkje sjå nokon som skal kunne slå dette.
I klasse Eldre Junior leder Sigve Vikesland med 1722 poeng. Han har eit stevne igjen, kan stryke 340p, og med full klaff då kunne oppnå 1732 poeng.
Adelheid Røttingen Møller, som også har eit stevne igjen, kan komme på lik poengsum som Sigve, men då må ho ha full klaff, medan Sigve ikkje skyt meir enn 340 poeng.
Av dei med to stevner igjen, så kan Julianne Skallerud Brekke og Nora Høybakk klar det. Men Nora er avhengig av ein miss frå dei som ligg bedre an. Celine Daviknes Hårvik, som har tre stevner igjen, kan også vinne denne klassen.
I klasse Junior leder Vegard Fjærli emd 1746 poeng og er ferdig med skytinga. Ørjan Frøysadal Hauge kan oppnå samme poengsum, men må då skyte 350 poeng på sitt siste stevne. Då kan han stryke 345p. Nora Aadland Flatås har to stevner igjen å skyta, og kan oppnå totalt 1748 poeng. Då må ho og skyta 350, og det to gonger.
I klasse Eldre rekrutt ser det ut til å vere avgjort. Igjen med alle mulige forbehold, men den einaste som har fullt hus, og som også ser ut til å kunne klare det er Marius Feragen.
I klasse Rekrutt leder Samme Skarpodde Prestkvern med 1733 poeng. Den einaste vi kan sjå som kan true det, er Alan Jin Rolfsrud som har tre stevner igjen. Han kan oppnå maks 1741 poeng.
I klasse Ny Voksen leder Kjetil Ringheim med 1233 poeng, og han er ferdig med skyting. Men det er tre damer som kan snyte han for seieren. Dette er Katrine Nordtveit, som har to stevner igjen og kan stryke 231p. Ho kan då oppnå 1240 poeng, og gjere ho det, så kan ingen true ho. Men også Bente Johnsen og Maren Grønvold kan vinne klassen.Dei kan oppnå høvesvis 1237p og 1235p med full klaff. Så her kan det vere litt spenning før det er avgjort.