Daniel Sørli starta dagen i Aurland med 350 (*20), og kunne ha avgjort det hjp Farnes. Men der lukkasst det ikkje, og 344 var ikkje godt nok.
Dermed skulle dei heile avgjerast i det avgjerast i det aller siste skytterlaget på Loi skytebane hjå Knipenborg. Men etter å ha skutt 50 på liggande, så åpna han ståandeserien med ein 8er. Han måtte ha 348 poeng for å ta samanlagtseieren i Lerum Cup, og nå stod han på kanten av stupet.
Men den sindige karen holdt nervene i sjakk, og plasserte resten av skudda i 10eren. Dermed tok han seieren samanlagt på fleire innertiarar enn Geir Atle Metveit som noko ein gong måtte sjp seg slått.
Det ar også eit skjeldent spenningsdrama i junorklassen, der Vegard Fjærli leda før den siste dagen. Tre skyttarar enda på totalsummen 1746 poeng, og det er berre tre fattige innertiarar som til slutt skil nr 1 og nr 3!. Ørjan Frøysdal Hauge vinner med 129 innertiarar, Fjærli blir nr 2 med ein innertiar mindre, og Nora Aadland Flatås blir nr 3, berre 3 innertiarar bak vinnaren.
Nå må vi la resultata modnast litt, og så må vi sjekke gjennom og luke vekk eventuell feil, før vi har dei offisielle listene klare. Alle samanlagtlister er uoffisielle inntil noko anna blir opplyst.