Påmeldinga via WEB er berre halvannen time unna. Gjennomførehåndspåmeldinga er det behandla 41 lister, og 433 skyttarar er registrert inn til Lerum Cup 2024.
Det har vore ein stri jobb med å få til opplegg som alle kan vere fornøgde med, ein del har nok fått skytetider litt unna det som opprinneleg var ønska, men forhåpentlegvis innafor det som ein kan leve med likevel.
Vi oppdaga fort at veldig mange i år ønska å skyta Hafslo og Leikanger laurdagen. Det gjorde at der fylltes det fort opp, og 100 meter er nær fullbooka. Hjå Hafslo er det kun tidleg om morgoen, og i kveldinga det er ledige plasser på 100 meter laurdag. Men det er mange leidige plasser både på Hafslo, og på alle andre anrenaer hvis man berre velger litt andre skytetider, og dager, enn det røkla ha gjort. Då vil det vere mulig for veldig mange fleire å melde seg på.
Vi kjem som vanleg til å følgje påmeldinga og utviklinga, men forheld oss heilt rolege i kveld, for vi reknar med at når klokka slår 21:00 så koker det på nettet. Men skulle det vere nokon som trenger hjelp til å få kabalen til å gå opp, så ta kontakt med oss i dagane som kjem så skal vi sjå på kva som kan vere mulig å få til. Vi lover ingenting annet enn at vi vil alltid prøve å løyse floken.
Må nå er det altså berre kort tid til at alt er ute av vår kontroll, og vi er spente på korleis det utvikler seg. Det er ikkje meir vi får gjort før ting stabiliserer seg, og støvet legg seg etter at dei som sit klar med tastaturet i kveld får lagt seg.