Vi nærmer oss nå 600 påmeldte til årets skyttarfest. Det er rimeleg bra, men vi har plass til mange fleire. Nokre tidspunkt begynner nå bli fulle, medan det er mykje ledig på andre tidspunkter.
Tabellen her gir ei oversikt over kor det er lettast å leite etter ledige plasser.
Fargekordane angir følgjande:
Grøn farge: Mykje ledig
Gul farge : Ein del ledig
Rød farge : Lite eller ingenting ledig.
Det er altså ikkje eksakt, så sjølv om det er rød farge på tidsrommet så kan det vere ledige plasser, men tabellen er meint å vere ei hjelp til dei som sit og strevar med å få kabalen til å gå opp, og då ser man kva tidsrom man bør peile seg inn på hjå dei ulike arrangørane.
Nokre arrangører har også resevert nokre lag for arrangørar, det er fordi man ynskjer å korte ned dagen for arrangørane om det er mulig. Det betyr ikkje at det ikkje er mulig å melde seg på i dei laga, men då må man kontakte oss, post@lerumcup.no, eller direkte til den aktuelle arrangøren, så skal vi få åpna muligheter også om plassane skulle vere reserverte for arrangører. Og det kan også vere andre grep vi kan bidra med, så ikkje nøl med å ta kontakt om du treng hjelp.
Så her er mulig for veldig mange fleire å bli med.
Det er veldig fint at dei som er påmeldt, men som veit at dei ikkje kjem til å delta melder seg av. Då frigjer ein plassen til andre. Og det gjelder også gjennom stevnehelga, også om du planlegg å skyta på ledig plass; Det er veldig greitt for arrangørane å vite om du kjem, eller ei. Er det til dømes to tomme lag på slutten av dagen, så kan man risikerer at arrangøren pakker sammen for dagen om ein ikkje veit at det dukker opp fleire.
Fortsatt fin vår til alle.