Dagen er ikkje heilt over når vi begynner å oppsummere, men vi våger likevel å sjå litt på stoda i dei ulike klassane.
Dagen har ikkje gått heilt uten dramatikk. Caroline Finnestad Lund stod med 349 hjå Farnes i går kveld, og vart gratulert med banerekord. Det mangla eit skot i skiva hennar etter omgangen, Caroline fekk skyte om eit skot heilt etter boka. Arrangøren valgte å la tvilen komme skyttaren til gode, og då stod ho altså med 349. Men etter at ho hadde skutt på Hafslo i dag, og det mangla eit skot i skiva hennar også der, konkluderte ho med at det er eit problem med ammunisjonen, og Caroline valgte då å kontakte Farnes og bad dei trekke det siste skotet, slik at ho no står med berre 339 hjå Farnes. Med den fantastiske skytinga som Caroline har synt denne helga så kunne ho ha vore klar vinnar av Lerum Cup i år om ikkje desse uhella hadde inntruffet, så det er veldig synd for ho at det blei slik, men hadde me hatt ein fair play premie, så ville den ha gått til Caroline. Det står respekt av hennar sportslege redelighet. Då har me redegjort for kva som skjedde, så slepp folk på spekulere meir i det.
Tor Harald Lund er fortsatt den einaste som har oppnådd 350 poeng i klasse 3-5 så langt i årets Lerum Cup, og leder då fortsatt den konkurransen.
Med alle mulige forbehold så ser stoda slik ut:
Klasse 3-5:
Tor Harald er også i leiinga samanlagt med 1735 poeng totalt på runden. Det er 15 tapte poeng, og 345 i snitt. Så spørs det om det held inn. Det er ikkje så mange som kan klare det, men det er nokon; Hans Kristian Wear har nå skutt 4 stevner, og har tapt 13 poeng, Runar Tveito har skutt 3 stevner og tapt 10 poeng, Daniel Sørli har skutt to stevner og tapt 6 poeng. Etter det vi kan sjå er det desse tre som kan true Tor Harald.
V55:
Her er det nå Knut Bråthen frå Kongsberg som nå leiar med 1735 poeng, så også han har tapt 15 poeng. Egebregt Mjøsen og Per Kristian Aas har begge skutt 3 stevner og tapt 9 poeng, Magnar Isene har skutt to stevner og tapt 7 poeng, som er hardast imot. Det finnes nokre andre som teoretisk har sjanse, men då skal det skytsast maksimalt på resten av stevnene om det skal gå.
Klasse 2:
Eskil Forthun fro Farnes leiar med 1682 poeng. Men dette er vel den mest åpne klasse der det er nokså mange som enda kan vinne til slutt.
Klasse 1:
Kirsti Frøysadal Hauge leiar med 1220 poeng, men Magnus Madsenb har kun eit stevne igjen og har tapt berre 2 poeng, så etter alle solemerker så vinner han klassen. Men det skal skytast først.
Kikkertklassen:
Her blir det nok Anders Lilleby frå Farnes som kjem til å vinne med sterke 1245 poeng.
V73:
Her ser det ut til å vere klart at Odd Kolsrud vinner med 1748 poeng. Alf Høysæter hadde sjansen før han skaut siste stevnet i Aurland, men der vart det tre poengtap, og då datt han litt ned på lista i denne tøffe klassen.
V65:
Her har Asbjørn Mathisen nå leiinga med 1747 poeng. Jan Vidar Lundtveit har to stevner i gjen og tapt kun 2 poeng, Lars Kåre Almeland har tre stevner igjen, og tapt kun 1 poeng. Det er desse to som kan true Mathisen.
Ny Voksen:
Her har no Iver Braastad overteke leiinga med 1229 poeng, eit poeng meir enn Sofie Andersen som har leiia sidan torsdag. Braastad har altså tapt 21 poeng på runden. Så vidt vi kan sjå er det tre skyttarar som kan snyte Braastad for sigere; Dette er Nora Dalby frå Nannestad som har eit stevne igjen og tapt 18 poeng, det er Tina Lien Ingeland som også har eit stevne igjen og har tapt 15 poeng, og det er Toril Klogh som har to stevner igjen og tapt 17 poeng,
Rekrutt:
Petter Sveipe leiar i skrivande stund klassen med 1726 poeng. Har altså tapt 24 poeng. Ronja Sylta Flatås har eit stevne igjen, og har også tapt 24 poeng. Ho må altså prestere 350 på siste stevnet for å kunne slå Sveipe. Men den hardaste imot er Alan Jin Rolfsrud som har to stevner igjen og tapt berre 7 poeng.
Eldre Rekrutt:
Her er det Maren Gilen som toppar med 1750 poeng, altså ingen poengtap på runden. Og det er det ingen andre som vil kunne klare, hvis ikkje det kjem ein som skyt alle stevnene i morgo.
Junior:
Reidun Oline Foss Nilsen leiar framleis med sine 1743 poeng, 7 poeng tapt på runden. Nora Adland Flatås og Jonas Bjørke er no dei einaste som kan true Reidun på toppen. Begge desse har to stevner igjen, og har tapt høvesvis 2 og 4 poeng.
Eldre Junior:
Denne klassen blir vunnen av Adelheid Røttingen Møller som har skutt 1735 poeng. Det er det så vidt vi kan sjå ingen andre i klassen som kan oppnå.
Då har vi vore gjennom det meste før den aller siste dagen av Lerum Cup 2024. Vi starter opp igjen klokka 09.00 i morgo, litt ut på ettermiddagen så smeller dei siste skudda i årets skytterfes.
Ha ein fin laurdagskveld