Dag nummer to er ved vegs ende, og det er på nytt tid for å trekke pusten. Det går unna, og det dreg seg verkeleg til.
Beste enkeltresultat klasse 3-5 har fått ny leiar. Tor Harald Lund frå Søgne åpna sin runde i Aurland og la like godt inn 350 poeng med 22 innertiarar. Det viser at mannen frå det blide sørland meiner alvor.
Samanlagt i klasse 3-5 er det nå Kjetil Skår frå Hardanger som har leiinga, men eit poengsnitt på 343 trur vi er for lågt for å kunne ende på topp til slutt.
Den som ligger best i rute er nok Tor Harald Lund som har tapt berre 4 poeng på sine tre stevner så langt, tett fulgt av datter Caroline Finnestad Lund som har tapt berre 5 poeng. Ho tok forøvrig leiinga hjå Farnes med 349 poeng. Men det er langt igjen, og skyttere som Runar Tveito frå Lunde har skote berre ei stevne og står med 348 poeng. Og så veit me at Daniel Sørli ikkje er begynt enda, han starter først i morgo, så det kjem til å skje mykje enda.
I V55 er det Arve Halsteinslid, som vi skreiv om i går, som er i leiing. Men han har tapt 18 poeng på sin runde, og er ferdig skutt, så det er mulig for fleire andre til å komme opp. Det er mange som har skutt berre ei og to stevner og som har tapt kun få poeng. Så klasse er vidåpen.
I V73 er Odd Kolsrud klatra til topps. Etter å ha tapt to poeng i går, så har han tre fulle hus i dag, og står kun med dei to tapte poenga. Men Karsten Totland, og Jostein Haukås, begge Åsane/Hordvik, har tapt kun eit poeng på to stevner, Alf Høtsøter frå Tysse har tapt kun to pieng oåp to stevner, og minst den ganmle skytterkongen Kurt Arne Berglund som har skutt kun ei stevne og ikkje har tapt poeng. Så den godeste Kolsrud er på ingen måte trygg.
I V65 er det no Kjell Næss frå Leikanger som leiar med kun 5 tapte poeng på runden. Men heller ikkje Kjell er trygg. Asbjørn Mathiesen som vi nevnte i går, har no skote tre stevner og har tapt berre eit poeng. Lars Kåre Almeland, som vi og nevnte i får, har heller ikkje tapt meir enn 1 poeng på to stevner. Så dette blir spennande.
I klasse Eldre rekrutt begynner det å peike seg ut nokre toppresultat. Magnus Strøm i frå Aas har igjen berre eit stevne, og har tapt kun 1 poeng. Han avslutter i Aurland, Maren Gilen frå Jondalen har 3 x 350 poeng, og har igjen Knipenborg og Farnes. Så kan det vere ander som enda ikkje er begynt, så også her blir det spennande.
I klasse junior har Reidun Oline Foss Nilsen, som vi og nevnte i får, fullført Lerum Cup med kun 7 poengtap. Det er ein ganske sterk prestasjon. Men det lurer fleire i sivet. Ine Rønning frå Aasen har to gonger 350 (24), og har såleis ikkje tapt poeng enda. Nora Aadland frå Stord, og Jonas Bjørke frå Hardanger har skutt kun eit stevne, og begge har tapt berre eit poeng. Så ingenting er avgjort.
I Eldre Junior er det Hannah Aurora Rutledal frå Gula som leder med 1711 poeng. Men det held nok ikkje heilt inn. Adelheid Røttingen Møller frå Os har skutt tre stevner og tapt berre 8 poeng, og er den som pr. no ligger best an. Men ho skal altså skyte to stevner til.
Vi må innom kikkertklassen også i dag. Anders Lilleby frå Farnes har teke leiinga med 1245 poeng. Det er kun 5 tapte poeng på heile runden. Men Jan Erik Vold for samme skytterlag har tapt bere 4 poeng, men han har igjen to stevner.
I morgo venter ein ny maratondag med skyting. Vi starter 09:00 og held det gåande heile dagen til Dagsrevyen er ferdig. Så det blir mange timar, og forhåpentlegvis mykje moro.
Ha ein fin kveld alle sammen