Samarbeidsgruppa hadde måndag 27. Mai sitt oppsummeringsmøte der vi evaluerte årets arrangement. Og arrangørane var samstemt i at man var godt fornøgde med arrangementa, det hadde gått problemfritt, og man opplevde fornøgde tilreisande.
Det har vore nokre signal på praksisen på standplass, dei fleste signala inn til oss har vore positive i form av at standplassleiinga opplevdes unison og ryddig, men at det med klargjeringstid opplevdes litt stressande for nokon. Dette vart naturlegvis eit tema på møtet, og arrangørane er også her samstemte i at vi skal justere oss og tilpasse oss slik at det blir betre neste gang. Akkurat kva justeringar som blir gjort har vi ikkje teke stilling til, det vil vi sjå an praksisen framover, ma. under Landsskytterstevnet i Steinkjer, og så tek vi stilling til det når vi har oppstartsmøte for Lerum Cup 2025.
Datoane for Lerum Cup 2025 er derimot klare; Lerum Cup 2025 blir arrangert 9. til 11 Mai 2025.
Premieplakaten vår er no fullstendig, for på møtet vart alle uttrekkspremiar trekt, og vinnarane av dei ulike gåvekorta er klare:
Deltakarkonkurransen i ungdomsklassane: Gåvekort frå Dagfinrud til verdi av NOK 3000,- går til Ringebu og Fåvang Skyttarlag, som hadde 94 deltakingar på dei fem stevnene i årets Lerum Cup. Dei hadde med 19 ungdomar i dei ulike klassane som deltok på alle stevnene, så nær som den eine skyttaren som stod av på siste stevnet. Det er imponerande! Vi gratulerer!
100 meter:
Gåvekort frå Norma, verdi NOK 1500,- : Tilfeldig uttrekt vinnar Toralf Årdal V73, Jølster Skyttarlag
Gåverkort frå Thon Hotel, to overnattinger i dobbeltrom, verdi NOK 3500;-. : Tilfeldig uttrekt vinnar Magnus Strøm ER; Aas Skytterlag
Gåvekort frå Landrø, verdi NOK 1500;-: Tilfeldig uttrekt vinanr May Lise Aas V65, Bolkesjø Skyttarlag
200 meter:
Gåvekort frå Dagfinrud, verdi NOK 1000,-: Tilfedlig uttrekt vinnar Elias Furunes Kl 4, Drangedal Skytterlag
Gåvekort frå Thon Hotel, to overnattinger i dobbeltrom, verdi NOK 3500;- : Tilfeldig uttrekt vinnar Arne Ånneland V55, Oslo Østre
Gåvekort frå Skytterlinken, verdi NOK 1500,-: Ole-Thomas Groseth kl 5, Ådal Skytterlag
PS! Gåvekorta frå Thon Hotel er gitt av Thon Hotell Linne i Oslo som er eit mykje nytta hotel under Oslo Open-helga, men skal kunne nyttast på kva som helst Thon Hotel i heile landet.
100 meter/ 200 meter:
Og så må vi takke Våpenloftet as i Førde i Sunnfjord for at dei også gav oss tre gåvekort, kvar til ein verdi av NOK 500,-. Desse kom inn rett før stevnet.
Våpenloftet er ein sportsbutikk som ligg midt i Førde Sentrum, og som har ein avdeling som selger skytterutstyr, jaktutstyr, samt våpen og ammunisjon.
Og dei har alstå vore så venlege at dei gav oss tre gåvekort som vi sjølvsagt også¨har funne vinnarar til:
Gåvekort til ein verdi av NOK 500,-; tilfeldig uttrekt vinnar Ingmar S. Vikane, KIK, Meland Skyttarlag
Gåverkort til ein verdi av NOK 500,-; tilfeldig uttrekt vinnar Odd Peter Skinlo V73, Hyen Skyttarlag
Gåvekort til ein vedri av NOK 500,- ; tilfeldig uttrekt vinnar Tommy S. Valstrand, KL5, Sandstad Skyttarlag
Vi gratulerer alle heldige vinnarar, og håper de får nytta premiane. Gåvekorta vert sendte med Posten til riktig vinnar direkte frå gjevar, bortsett frå dei tre gåvekorta frå Våpenloftet som blir sendt frå Farnes Skyttarlag. Då håpar me dei kjem fram ganske snart.
Då blir årets premieplakat slik:
Vi ynskjer alle ein riktig god sommar, og lykke til med skytinga i stevnene som kjem. Vi sjåast forhåpentlegvis igjen til neste år.