Som tidlegare annonsert blir Lerum Cup 2025 arrangert helga 9. til 11. Mai. I skrivande stund pågår det forhandlingar med Lerum om kontrakt for ein ny periode. Lerum har signalisert at dei ynskjer å vera med vidare, men detaljane i den nye avtalen er ikkje klare så det kan me ikkje seie så mykje om på dette tidspunktet.
Men me må jo tilpasse oss til den den nye klassestrukturen, så endringar i mellom anna premieplakaten vår vil komme. Så får me sjå kva andre ting me eventuelt kan bringe inn. Mykje avhenger av at me får på plass avtalen med Lerum. Det er i grunn det me har å sei no.
Me ynskjer alle ei fin førjulstid, og lykke til med innendørssesongen som så vidt er i gang.