Våren er i emning i Sogn, politikarane diskuterer tidleg åpning av Sognefjellet, og det nærmer seg påmelding til vårens eventyr i Sogn; Lerum Cup 25. Det er med andre ord liv og røre i sognebygdene.
For å begynne med det som er heilt klart; datoane for førehåndspåmelding på epost er 25. til 27. Mars. Her er vi budde på hektiske dagar, og mykje jobb for å få logistikken til å gå opp. Vår påmeldingsansvarleg har satt seg opp på ferie frå jobb heile denne veka for å kunne jobbe med Lerum Cup på heiltid heile veka.
All informasjon om påmelding finn dykk her
Utfordringane i år er fleire. Vi har i år ikkje langhelga å spele på, det betyr kortare tidsperspektiv å arrangere på. Torsdag 8:mai og fredag 9.Mai er vanlege arbeidsdagar for både oss arrangørar og for dykk som skal delta. Men vi legg opp til å ha nokre lag allerede om kvelden torsdag 8.Mai, så tek vi sikte på å starte stevnehelga klokka 15:00 på fredag og held på ut kvelden. Laurdag legg vi opp til ein skikkeleg langdag frå morgon til kveld, og også ein lang dag på søndag. Så dette vert ein maraton for arrangørane.
Den neste utfordringen er då å klare å ha nok kapasitet til å få alle som vil skyta gjennom alle stevnene. Det er i år 6 stevner så det er ein forholdsvis stor logistikk å få til. Spesiellt spennande i år blir 100 meter der vi får tre nye klassar å hanskast med. Dette er heilt upløvd mark, så vi har ingenting som kan gje oss ein målestokk på kor mange skyttarar vi må ha gjennom, så det lyt vi berre ta som det blir.
Den neste utfordringen er eit vegarbeid som pågår i Fodnestunellen mellom Lærdal og Fodnes. Dette pågår heldigvis berre på nattetid, så det vil påvirke kun i liten grad. Men det tvil påvirke skytinga på kveldstid i Aurland for dei som er avhengige av å komme seg tilbake til Fodnes/Manheller, og dei som planlegg å bu i Lærdal og skal tilbake dit på kvelden. Så for dei som skal bu i Lærdal, så kan det vere ein fordel både for oss og for dykk å¨skyta i Aurland seint på enten fredag eller laurdag.
Det er slik at arbeidet tek til klokka 20:00 kvar kveld, og så er det nokre gjennomkøyringar med ledebil fram til klokka 22:00 då tunellen stenger heilt for natta. Frå det tidspunktet er man avhengig av ferje som då vil gå frå Lærdal. Nå veit me ikkje eksakt korleis dette vil bli i perioden for Lerum Cup men pr. i dag så er det følgjande informasjon som ligge ute frå Statens Vegesen og Nordled:
Her skal vi sjølvsagt følgje med å holde tilreisande underretta om kva som skjer.
Men som dykk skjønar, så er det ein heil del å ta hensyn til, så det gjeld å planlegge godt.
Påmelding via epost vil foregå heilt som vanleg, men vi er nøydd til å ta endå sterkare forbehold om skytetider enn vanleg. Her må vi prøve alt vi kan å tettpakke programmet for å få alle inn, og vi blir garantert nøydd til å både snu og stokke på reiserutene til veldig mange for å få det til. Så alle, og då meiner vi alle, må vere budde på at dei tidene, og rutene, dykk ynskjer vil bli anleis når vi har bearbeida dei. Men vi lover at vi skal gjere alt vi kan for å få det til best mulig for alle, men å oppfylle alle ynskjer vil dessverre ikkje vere mulig. Vårt mål, og ynskje, er at absolutt alle skal få ei triveleg og flott helg i Sogn denne helga i Mai.