Arbeidsgruppa hadde sitt oppstartsmøte denne veka, og med det er jobben fram mot Lerum Cup 2025 i gang. Stevnehelga i år er som tidlegare kjent 9. til 12. Mai, men det vil bli lagt opp til skyting også i kveldinga den torsdag 8.Mai. Vi har ingen helgetorsdag å bruke dette året, så det blir i ei vanleg helg. I tillegg er også Sogndal Skytterlag tilbake som arrangør, slik at det blir 6 stevner i årets Lerum Cup. Og etter som vi igjen er 6 arrangører, så bruker vi opplegget frå 2023 der 5 av 6 stevner blir teljande samanlagt. Dårlegaste resultatet blir strøket om ein skyt alle 6 stevnene.
Nokre datoar som blir viktige framover, er naturlegvis tidspunkta for påmelding. Vi kjem som vanleg til å ta imot påmelding av grupper via epost. Det kjem til å skje i perioden 25. til 27. Mars. Påmelding via web vil åpne 6.April, og vere åpen heilt inn til stevnestart. Stevnet kjem til å åpne med nokre kveldar for arrangørane, så det kjem til å smelle i Sogn ei heil veke i Mai.
Vi ser fram til nokre hektiske dagar, og håper det blir bra trøkk på banene våre.